Stian Jakobsen er på veg inn til Førde ølutsal, rett før stengjetid på den aller siste dagen.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKDet er mykje folk som handlar rett før butikken stengjer for godt.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKEirik Ødelien og Stian Jakobsen tek seg god tid og slepp forbi andre kundar.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKMen dei har ikkje rekna med Bjørn Møvik. Han har også tenkt å bli sist.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKIngen av dei vil gi seg, medan sekunda tikkar mot klokka 18.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKNo må dei snart bestemme seg for kva dei skal gjere.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKTil slutt finn dei ut at dei skal handle ilag.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKDei tykkjer det er eit greitt kompromiss.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKPengar blir utveksla og dei kan titulere seg som dei siste ølpol-kundane i Førde.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKKanskje ikkje heilt nøgde, men stemninga er likevel god.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKAlle tre er iallefall samde i at det er trist at ølpolet forsvinn for godt.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK