Hopp til innhold

Vil tvinge gjennom kommunesamanslåingar sjølv om folket skulle seie nei

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) opnar for at kommunar kan tvingast til å slå seg saman sjølv om ei folkeavstemming seier nei.

Jan Tore Sanner/Kart Sogn og Fjordane

OPNAR OPP FOR TVANG: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner uttala seg om kommunesamanslåing under spørjetimen i Stortinget onsdag. Kartet viser dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Fargane på kartet viser kva parti ordførarane kjem frå (raudt - Ap, blått - H, lysegrønt V, lilla - Tverrpolitisk liste)

Foto: Arne Fenstad, NRK

– Dersom tre kommunar seier ja, og ein kommune seier nei, då bør Stortinget kunne skjære gjennom, sa Jan Tore Sanner under den munnlege spørjetimen onsdag.

Senterpartiet skal ta kampen

Heidi Greni frå Senterpartiet stilte onsdag spørsmål til kommunalministeren om innbygjarane kan vente at lokale avgjerder i spørsmålet om samanslåingar blir resepektert.

Etter spørjetimen seier ho i ei pressemelding at kommunalministeren si utgreiing i Stortinget er nedslåande for mindre kommunar som ikkje ynskjer å bli slukte av nabokommunar med andre interesser.

– Me skal kjempa i Stortinget for at lokale folkeavstemmingar skal vera retningsgivande og avgjerande for kva kommunar som skal slåast saman, seier Heidi Greni.

Få samanslåingar dei siste åra

Det er i dag 428 kommunar i Norge. Den minste er Utsira med berre vel 200 innbyggjarar.

I Sogn og Fjordane er det 26 kommunar, der Solund er den minste med vel 850 innbyggjarar.

Den siste store kommunereforma var i 1964, då ei rekkje kommunar vart slegne saman, mange med tvang. Sidan den gong har det vore prøvd mange frivillige samanslåingar. Det har resultert i at nokre kommunar har slege seg saman, men i det store og heile har det vore få kommunesamanslåingar sidan 1964.

Dei siste ti åra har seks kommunar i Norge valt å slå seg saman med naboen.

Vektlegg frivillegheit

Noralv Distad

OPPTEKEN AV FRIVILLIGHEIT: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, ønskjer at tvang berre må brukast i spesielle tilfelle.

Foto: Arne Veum

Høgre-ordførar Noralv Distad i Aurland er oppteken av at kommunesamanslåingar må baserast på fri vilje.

– Dette bør baserast på fri vilje, og dersom det skal gjerast unntak må det vera heilt spesielle situasjonar, seier han til NRK.no.

Når det gjeld eigen kommune er ikkje Distad noko uroa for samanslåing.

– Me er ikkje i ein slik situasjon der me ser at dette blir aktuelt. Skulle det vera aktuelt for nabokommunane å slå seg saman, ligg vi ikkje slik til geografisk til at Aurland kan tvingast, seier Distad.

– Men tykkjer du det er greitt med tvang for at kommunar skal slå seg saman?

– I utgangspunktet tykkjer eg det er ein dårleg modell. Det må baserast på frivilligheit, og det er det som er hovudmodellen.

Forstår Sanner

ASkvollordførar Frida Melvær er stolt over å endeleg kunne smykke seg med sitt eige ordførarkjede.

VIL HØYRE PÅ FOLKET: Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) seier folkerøystingane på må leggjast til grunn.

Også Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) stemmer i for frivillegheita, men uttrykkjer samstundes forståing for Sanner sitt utspel.

– Eg forstår tenkjemåten dersom ein kommune hindrar ei samanslåing. Ein kan tenkje seg at ein kommune ligg i midten og hindrar ei samanslåing av to andre kommunar, men eg meiner at råderetten til kommunane i ei slik sak må vera viktig.

Vil alltid høyre på innbyggjarane

Slik ho forstår svaret frå Sanner, er det at ein kommune åleine ikkje skal hindre fleire kommunar å slå seg saman. Dersom Askvoll hadde sagt nei ved ei folkerøysting og nabokommunane ville, meiner ho det må vere ei avveging.

– Me må leggje folkerøystingane våre til grunn. Men om departementet eller staten meiner det er rom for samanslåing, så kan me bli overprøvde om kommunen vår er viktig brikke oppi dette.

– Er det å innføre tvang rett veg å gå?

– For min del vil alltid det lokale initiativet og det at vi høyrer på innbyggjarane våre, vera viktig for mitt virke. Me må høyra på dei signala me får, det må eg ta med meg som ordførar, seier ho.