Hopp til innhold

Vil tilbake på landslaget

To år etter at han sist spelte for Sogndal, er Peter Aase tilbake i svart og kvitt. I går spelte han sine første minutt i treningskampen mot Førde.

Peter Aase debuterer for andre gong for Sogndal

DEBUTERTE PÅ NYTT: Peter Aase er igjen tilbake i Sogndal-drakta og håpar samstundes snart å kunne kle seg i raudt, kvitt og blått.

Foto: Rune Fossum / NRK

No er det ein revansjesugen 20-åring som vil rykke opp med Sogndal og spele seg inn att på landslaget.

– Eg skal vise fotball-Noreg at eg er god nok, og det veit eg sjølv at eg, seier Aase.

Einaste fokuset er utvikling

To år etter at han sist aksla Sogndal-drakta, spelte han i går ein omgang i trening kampen mot Førde. No er han full av revansjelyst.

– Det einaste eg har fokus på er å utvikle meg sjølv, så får vi sjå om det er nok. Det er lenge sidan eg har vore så motivert, seier 20-åringen.

Peter Aase er stortalentet som reiste saman med tvillingbroren frå Florø til Sogndal for å slå igjennom i norsk toppfotball som 16-åring. Det gjekk ikkje heilt etter planen.

Opphaldet enda med at tvillingane reiste heim att til heimbyen. Peter fekk berre to innhopp for Sogndal.

– Eg var berre 16 år og kom inn her og skulle spele i eliteserien. Det er ikkje mange som kan det, berre Martin Ødegård og han er i Real Madrid. Men no er eg 20 år og er meir moden i spelestilen. Trenaren har tru på meg og er har prestert på trening, fortel han.

Må bevise kva han er god for

No er midtbanespelaren tilbake på Sogndal. Mot Førde viste han berre glimtvis kva som bur i han. Og det er ikkje reint lite. Peter Aase har totalt 27 aldersbestemte landskampar. Han har spelt for alle landslaga frå G15 og opp til G19.

Men med returen til Florø sa det bom stopp, no er målet å spele seg inn på U21-landslaget.

– Eg er fast bestemt på at eg skal tilbake innan neste år. Det er no eg må bevise kva eg er god for, seier Aase.

Mot Førde spelte han i ei litt uvant kantrolle. Trenar Eirik Bakke trur 20-åringen vil vekse seg inn på laget. Han er klar på at den nye eleven har landslagspotensial.

– Peter har tidlegare vist at han har hatt eit veldig høgt toppnivå i Florø. No skal han prøve å ta steget opp for å bli jamn der oppe. Peter har potensial til å bli veldig god, fortel han.

– Ein viktig spelar

Eirik Bakke på sidelinja

HELD HØGT NIVÅ: Sogndal-trenar Eirik Bakke trur Aase vil vekse seg inn på landslaget.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Han har følgt Aase tett etter at han reiste frå Sogndal, og var ikkje i tvil om at han ville hente han tilbake når tida var moden.

– Peter kjem til å kome sterkt utover. Han blir ein viktig spelar for oss, også i åra som kjem, seier Bakke.

Sjølv er Peter Aase klar for å ta nye steg i karrieren.

– Eg ville til Sogndal for å utvikle meg sjølv og spelet mitt mest mogleg. Eg håpar å bruke dei kvalitetane eg har og å få det ut i laget. Eg trur at det eg er god på kan gjere Sogndal veldig gode, fortel han.