Hopp til innhold

Vil ta vegsaka til kontrollkomiteen - utelukkar ikkje ny handsaming om traséval

Liv Signe Navarsete sin kontakt med Bård Vegar Solhjell, før han trassa Vegvesenet si tilråding og la E16 i Lærdalsdalen i tunnel, kan hamne hjå kontrollkomiteen på Stortinget.

Raja og Navarsete

KRITISK: Venstrepolitikar Abid Raja er sterkt kritisk til handsaminga av E16-traseen i Lærdal, der Liv Signe Navarsete skal ha kontakta

Foto: Vegard Grøtt/Fredrik Varfjell / NTB Scanpix

Det seier Venstre-politikaren Abid Raja, som sit kontrollkomiteen. Navarsete, som sjølv bur om lag 300 meter frå europavegen, tok direkte kontakt med Bård Vegard Solhjell som tok avgjerda. Dette kan fort bli ei sak for kontrollkomiteen, seier Raja.

– Eg kan ikkje sjå vekk frå det. Dette er noko som må drøftast i kontrollkomiteen, seier Abid Raja.

Han sit både i transportkomiteen og i kontrollkomiteen på Stortinget.

– Det kan hende at dette er ei sak vi må sjå nærare på i begge komitear, seier Raja til NRK.no.

Valde ei 400 millionar kroner dyrare løysing

Lærdal kommunestyre gjekk inn for at E16 skulle gå i ein 5,5 kilometer lang tunnel forbi Ljøsne, og at E16 skal følgje ny trasé på heile strekninga frå Tønjum til Stuvane.

Det låg føre motsegn frå Statens vegvesen på det alternativet kommunestyret i Lærdal gjorde vektak om. Saka vart difor send til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Etter årelang strid om kvar den åtte kilometer lange strekninga mellom Tønjum og Ljøsne i Lærdalstunnelen skulle gå, vedtok miljøvernminister Bård Vegard Solhjell ei veke før den raudgrøne regjeringa gjekk av i fjor, å leggje store delar av vegen i tunnel.

Dermed valde han ei løysing som blir om lag 400 millionar kroner dyrare, ei løysing som Statens vegvesen var i mot og ei løysing som samfunnsøkonomisk er svært lite lønsam.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Liv Signe Navarsete ringte Bård Vegar Solhjell for å få ham til å legge en europavei i tunnell i stedet for 300 meter fra huset hennes. I strid med vegvesenets og Samferdsels-departementets vilje gjorde Solhjell som Navarsete ba om. Tunnelen gir en ekstraregning på 400 millioner.

Tykkjer framgangsmåten er spesiell

Raja kritiserer både Solhjell og Navarsete.

– Eg tykkjer det er ein svært spesiell framgangsmåte av dei raudgrøne, berre dagar og veker før dei går av. At ein tek kontakt med ein regjeringskollega på denne måten er veldig spesielt, seier Raja.

Han er særs kritisk til måten dei har gått fram på.

– Denne prosessen som dei har køyrt, og som det offentlege ikkje har hatt innsyn i før NRK si avsløring, skal koste samfunnet ein halv milliard, meiner eg er uforsvarleg, seier Raja.

Departementet meinte lang tunnel kunne forsvarast ut frå lokale ønskje og omsyn til tryggleik, jordvern og kultur- og naturmiljø i dalen.

Meiner problemstillinga er søkt

Jan Geir Solheim, partifelle med Navarsete og ordførar i Lærdal, har inga forståing for kritikken mot Navarsete.

– Eg meiner det er ei heilt søkt problemstilling. Det var ikkje tvil i Lærdal kommunestyre om at dette var det beste alternativet, og det var ingen av dei tinga vi brukte i vurderinga, som gjekk på kor Liv Signe Navarsete budde, seier Solheim.

– Men forstår du at det kan bli reagert på at Navarsete, som bur 300 meter frå vegen, kontaktar regjeringskollega Solhjell om saka?

– Nei. Sjølv om ho engasjerer seg i kommunen der ho bur, så vert det heilt søkt å seie at det er fordi ho bur der ho bur i denne kommunen. Det vert heilt pussig, seier Solheim.

Meiner saksgangen er uheldig

Harald Tom Nesvik meiner Navarsete si aktive rolle i dette truleg gjer at heile valet av trasé i Lærdalsdalen må handsamast på nytt.

– Viss desse opplysningane er riktige, så er dette ein svært uheldig saksgang. Det er meir enn nok prosjekt å bruke desse ekstra pengane på, seier Nesvik.

NRK tok gjentekne gonger kontakt med Navarsete i går, men ho var ikkje tilgjengeleg for kommentar. Under eit intervju med henne på måndag avviste ho derimot på det sterkaste at ho har gjort noko gale i saka.

– Eg har ikkje gjort noko anna i denne saka enn det eg gjer i alle saker som er oppe, der eg er habil, noko eg i høgste grad er i denne saka. Eg har berre følgt opp lokale vedtak, seier Navarsete.

– Det blir hevda at det kan vere trafikkstøy i tunet dykkar, og at de difor er råka av vegen. Kva seier du til det?

– Det er klart at ein veg som går 300–400 meter unna, den høyrer du. Men eg har aldri i den tida eg har budd der, og det er vel 13–14 år, nokosinne følt at det har vore til sjenanse, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

- Liv Signe Navarsete burde ha brukt betre skjønn, seier politisk kommentator i NRK Magnus Takvam.

Meiner argumentasjonen ikkje held

Også Raja meiner vegsaka i Lærdal må opp til ny handsaming.

– Eg støttar den vurderinga som Nesvik gjer, særleg når vi veit at fagetatane, som Vegvesenet, har meint at det ikkje var grunn til å ta den avgjerda som Solhjell gjer, seier Raja.

– Solhjell peikar på trafikktryggleik og landbruksinteresser som argument for vedtaket. Er ikkje det eit poeng?

– Ut ifrå den argumentasjonen må ein jo leggje alle vegar i Norge i tunnel, så den argumentasjonen held ikkje, seier Raja.

Ekspert i forvaltningsrett, professor Jan Fridjov Bernt, meiner Navarsete truleg er habil i denne saka, men påpeikar at ho på førehand burde fått utanforståande til vurdere habiliteten sin før ho som minister byrja å engasjere seg.

Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, meiner Navarsete gjorde ein grov tabbe då ho kontakta regjeringskollegaen i denne saka.