Hopp til innhold

Tek to til fem år før Lærdal er gjenreist

Arbeidet med å attreise dei brannråka områda i Lærdal vil ta minst to år. Det går fram av planane for attreisingsprosjektet etter storbrannen i januar. Ordførar Jan Geir Solheim seier utfordringane står i kø.

Brannruinar i Lærdal

BERRE RUINANE ATT: Berre oske og grunnmur står att etter 40 bygningar. 70 personar blei heimlause då brannen tok huset deira.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Jan Geir Solheim

STORE UTFORDRINGAR: Ordførar Jan Geir Solheim seier utfordringane står i kø, men at dei er godt igang med oppbygginga.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Nokre av dei prosjekta som fell inn under attreising, blir kortvarige prosjekt inntil to år. Men vi trur vel kanskje vi ikkje er ferdige med alt før det har gått fire-fem år, seier han.

Berre oske og grunnmur står att etter 40 bygningar. 17 av dei var bustad for om lag 70 menneske. Men no tek attreisings-prosjektet i Lærdal form.

– Det er først og fremst å ta seg av dei som har privat tomter og sørgje for at dei får så rask behandlingsprosess som mogleg. Deretter må vi sjå på dei kommunale eigedommane, seier han.

– Snakk med oss det gjeld

Torsdag skal kommunestyrert vedta mandatet til prosjektetgruppa, som både skal attreise og utvikle Lærdal.

– Slik planen er no, så ser det ut til at både kommunestyret og administrasjonen skal vere med å styre dette.

Marianne Aarethun Rode og familien var blant dei mange som mista heimen i storbrannen. Ho har følgjande oppmoding til dei folkevalde.

– Mitt råd er at dei må snakke med oss det gjeld. Dei må snakke med kvar enkelt familie som har mista heimen sin, seier ho.

Brann i Lærdal

MYKJE ARBEID I VENTE: Brannen gjorde stor skade i Lærdal sentrum.

Foto: Steinar Lote / NRK

Vil vere med i prosjektgruppa

Etter å ha etterlyst meir informasjon frå kommunen, blei brannoffera i går kveld orienterte på eit møte i Lærdal. Aarethun Rode er klar på at også dei må få ein plass i utvalet som skal leie arbeidet.

– Det er kjempeviktig. Det går ikkje an å ha ei slik gruppe utan at vi er representerte.

Ordførar Jan Geir Solheim seier at organiseringa er noko dei skal sjå på.

– Det er godt mogleg at dei kan bli med. Dette må vi få til på ein måte, seier han.

Men arbeidet med å attreise Lærdal er i gang, forsikrar ordføraren.

– Vi er faktisk allereie i gang fordi vi har byrja å lage ein plan. Når sjølve oppbygginga har starta vil det vise betre, men eg vil seie at vi allereie er i gang.