Hopp til innhold

Skrekkthriller blir spelt inn i dramatiske kulissar i Vadheim

VADHEIM (NRK): – Eg ville ha ein stad som er klaustrofobisk, men samstundes har storslått natur, seier regissør René Bjerregaard som spelar inn skrekkthrilleren «Mare» i Vadheim.

Jan Thomas Halsvik og Tor Kjetil Leknes

INNSPELINGSSTADEN: Lydmeister Jan Thomas Halsvik frå Gulen (t.v.) og produsent Tor Kjetil Leknes frå Atløy framfor huset i Vadheim der skrekkthrilleren «Mare» blir spelt inn.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Då gjer vi oss klare for opptak. Lyd går ... Ver så god.

Utanfor to gamle hus i Vadheim gir regissør René Bjerregaard signal om at scena skal starte. Dei to siste vekene har bygda vore kulisse i filmen som har premiere om eitt år.

«Mare» handlar om ein ung gut som reiser til bestemora si i Vadheim. Ho bur i huset der mora hans døydde for mange år sidan. Mora hadde alvorlege mentale problem, og sonen opplever liknande symptom.

Skrekkthriller

– Scene 66, bilde 4, slide 178, tagning 1, mark it!

Klapparen smell det svarte og kvite brettet saman, og scena er i gang. Ein bil køyrer opp utanfor huset, stoppar, og ein mann spring inn. I yttergangen blir han ståande fastfrosen og stire rett framfor seg.

– Takk, det held, vi har det, seier regissøren.

Regissør René Bjerregaard

DRAMATISK: – Den storslåtte, men klaustrofobiske naturen understrekar temaet i filmen, seier regissør René Bjerregaard.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Hovudpersonen i filmen slit med å sovne, og får mareritt. Etter kvart klarer han ikkje skilje mellom fantasi og verkelegheit.

– Naturen i Vadheim understrekar dramatikken i stykket, seier Bjerregaard.

– Då passar fjord, fjell og dalar veldig fint. For sjølv om det er stort og spektakulært her, føler ein seg veldig åleine i denne dalen, og det er akkurat dette eg vil at hovudkarakteren skal føle, seier han.

Vil treffe internasjonalt

– Det kjem til å bli så uendeleg vakkert å sjå bilda av fjorden med dei majestetiske høge fjella, seier hovudrolleinnehavar Grethe Mikaelsen, som speler bestemora i filmen.

Regissør René Bjerregaard og skodespelar Grethe Mikalsen

SKREKKTHRILLER: – Vi håper publikum blir skremt, seier regissør René Bjerregaard. Her saman med hovudrolleinnehavar Grethe Mikaelsen.

Foto: Tor Kjetil Leknes


– Når kameraet zoomar inn på dette vesle vakre, gamle huset med all den historia det har, og når ein kjem inn i huset og opplever det sterke psykologiske dramaet, som tar opp eksistensielle spørsmål, kjem dette til å bli vakkert og vondt i eitt, seier ho.

Produsenten av filmen, Tor Kjetil Leknes frå Atløy, håper filmen kan nå eit stort publikum.
– Vi ønsker å få ut prosjektet internasjonalt, for å vise at her i Sogn og Fjordane finn ein innspelingsstader med alt på éin plass av fjord, fjell og skog.

Lærerikt

– Det er kjekt å sjå korleis eit profesjonelt filmteam jobbar, seier Ådne Søhoel.

Saman med Magnus Førde arbeider han som produksjonsassistent på filmen. Til vanleg går dei i vg2 på medielinja ved Sogndal vidaregåande skule.

Ådne Søhoel og Magnus Førde

PRODUKSJONSASSISTENTAR: Ådne Søhoel (t.v.) og Magnus Førde synest det er interessant å vere med på innspelinga av ein langfilm. – Det er ei fin erfaring å ha med seg dersom vi har lyst å arbeide med film i framtida, seier medieelevane ved Sogndal vgs.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Det er veldig lærerikt å vere med på ein skikkeleg filminnspeling, seier Førde.

I to veker har dei hjelpt til med store og små oppgåver på filmsettet. Gutane håper det kjem fleire filminnspelingar til fylket.

– På grunn av den store variasjonen i naturen har ein mange moglegheiter til å få fram store forskjellar i kvar scene når ein skal filme her, seier Førde.

– Det er interessant å få eit innblikk i korleis filmverda fungerer. Og dersom vi har lyst til å arbeide med film i framtida, har vi fått ei djupare forståing av korleis det er å jobbe med eit stort filmteam, seier Søhoel.