Vil selje alkohol heimefrå

I dag kan turistar som besøkjer til dømes Balholm i Balestrand smake på cideren, men kan ikkje kjøpe med seg ein smaksprøve. 

Det vil Gunvald Ludvigsen og tre andre venstrerepresentantar på Stortinget endre på. No ber dei regjeringa endre alkohollova slik at det blir lettare for småprodusentar av øl, vin og cider å selje varene sine.

- Vi vil at lokale gründerar skal få marknadsført varene sine. Dette vil vere med på å utvikle landbruksnæringa, seier han.

Berre lov å smake

I dag har dei som produserer alkoholhaldig drikke som øl, vin og cider i småskala mellom anna for å foredle produkt frå eigen gard eller lokalsamfunn, lov til å servere og gje smaksprøver til turistar og andre  føresett at dei har skjenkeløyve.

Åge Eithungjerde. - Foto: Arne Eithun / NRK
Foto: Arne Eithun / NRK

Men dersom turisten likar det han eller ho smakar, og ønskjer å kjøpe med seg ei flaske om ikkje anna som ein liten suvenir, så er det forbode. Dette frustrerar Åge Eithungjerde som lagar cider i Balestrand.

- Andre stader i Europa er det heilt vanleg at du kan få kjøpt med deg ei flaske. Når turistane hos oss vil kjøpe med seg ei flaske, så må vi seie at dei må reise til Førde eller Sogndal. Dette er pinleg for oss, seier han.

Glad for forslaget

No er forslaget at småskalaprodusentane skal kunne reklamere på eiga internettside om at dei har også alkoholhaldig, sjølvprodusert drikke, og så skal den som er innom kunne kjøpe med seg inntil 1 liter.

Ciderprodusent Åge Eithungjerde i Balestrand er glad for forslaget og håpar det blir vedteke.

Ingvar Ambjørnsens "Dukken i taket" vert spelt inn i Fjærland i desse dagar.
Førde ønskjer å vere ein sykkelby, men er det slik?
Jostein Avdem Fretland frå Lærdal sit i leilegheita i London. Her har han brukt mykje tid på omsetjinga av den italienske operaen «I Puritani». No skal den setjast opp på Opera Nordfjord på nynorsk.