Steinkross i Gulen - POLITI: Lensmannen i Gulen er informert om skadene. Det er uklårt kva som vil skje vidare. - Foto: Laila Indrebø / NRK

POLITI: Lensmannen i Gulen er informert om skadene. Det er uklårt kva som vil skje vidare.

Foto: Laila Indrebø / NRK

Ordførar: - Steinkrossen må opp att

Steinkrossen i Eivindvik som vart øydelagt under trefelling, må opp att. Det seier Gulen-ordføraren.

– Det er veldig trist og tragisk at noko slikt skal skje med eit så gammalt og flott kulturminne.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp) synest det var fortvilande å få meldinga om at steinkrossen frå år 1023 vart øydelagt fredag ettermiddag. Det skjedde paradoksalt nok då ein skulle felle eit tre som ein frykta kunne velte over krossen.

Oppedal seie dei var klar over risikoen ved arbeidet.

– Ja, faktisk så diskuterte vi i forkant at det kunne vere ein fare for det.

– Det var kyrkjeleg fellesråd og kyrkjeverjen som hadde ansvar for arbeidet. Dei diskuterte med kommunen at ein skulle ta forholdsreglar.

Må reparerast

Krossen i Gulen - ØYDELAGT: Steinkrossen har overlevd to verdskrigar og tallause stormar og uver. Men ikkje ei enkel trefelling. - Foto: Laila Indrebø / NRK

ØYDELAGT: Steinkrossen har overlevd to verdskrigar og tallause stormar og uver. Men ikkje ei enkel trefelling.

Foto: Laila Indrebø / NRK

Sjølv om det er usikkert om krossen lar seg enkelt reparere, meiner ordføraren at det må prioriterast.

– No må vi setje inn alle klutar for å få krossen opp att. Det er det som blir arbeidet vidare.

– Er du sikker på at den lar seg reparere?

– Det såg ut som det var eit reint brot. Så eg har trua på at vi skal greie det.

– Kven skal ta rekninga?

– Det har vi ikkje diskutert.

– Vil du reparere den uansett pris?

– Ja. Den må opp att. Det er ikkje sagt at vi i kommunen skal ta kostnadane. Men den må på plass att, slår Hallvard Oppedal fast.

Les meir om steinkrossane i Eivindvik i fylkesleksikonet .

Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.
Her kan du sjå den TV-sendinga der Årets kulturidé 2013 blei kåra.