Hopp til innhold

Leitar etter bygg som kan huse nye asylmottak

JØLSTER (NRK): Norsk Folkehjelp planlegg nye asylmottak i fylket med plass til nærare 200 bebuarar. Den enorme flyktningstraumen frå Syria er årsaka.

Grete Apelset

Norsk folkehjelp jobbar for å opprette asylmottak som kan ta imot nærare 200 asylsøkjarar i fylket, fortel Grete Apelseth, dagleg leiar ved Norsk Folkehjelp sitt mottak i Jølster.

Foto: Bård Siem / NRK

Bakgrunnen er at dei allereie eksisterande mottaka er fulle, eller i ferd med å bli det. Difor har Norsk Folkehjelp bestemt seg for å ta initiativ til fleire mottak.

– Vi prøvar å finne bygningar og hus som ligg for seg sjølv og som vi kan tilby asylsøkarane, seier Grete Apelseth, leiar ved Jølster mottak som er drive av Norsk Folkehjelp.

Utfordrande situasjon

Straumen av flyktningar frå det krigsherja Syria til Europa og Norge har aldri vore større, og Utlendingsdirektoratet (UDI) sine anslag for kor mange vil kome til landet vårt blir stadig justert opp. UDI sitt siste anslag er no på 20.000-25.000 asylsøkjarar i 2015 og meir enn 30.000 i 2016.

I tillegg er det planlagt å hente 5000 kvoteflyktningar, i hovudsak syriske borgarar, innan utgangen av 2016.

– Også Sogn og Fjordane må bidra, seier Apelseth.

Flyktninger i kø i Berlin

KRITISK: Stadig fleire menneske i verda er på rømmen, og særleg syriske flyktningar kjempar for å finne ein betre stad å leve rundt om i Europa.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Leitar etter alle typar bygg

Apelseth er bestemt på at organisasjonen har apparatet som treng for å kunne starte opp eit nytt mottak. Og situasjonen er no så kritisk at det hastar, meiner dei.

– Eigentleg så ønskjer ein primært å ha det i kommunar som ikkje har mottak frå før, slik at det ikkje skal bli så stor belastning, men slik situasjonen er no blir det altså kor som helst.

Så langt har dei fått litt tilbakemeldingar, men håpar at fleire vil gi respons dersom dei veit om bygningar som kan vere aktuelle.

– Det kan vere store bygg som hotell eller motell, eller mindre der ein kan ha desentraliserte einingar. Alle typar ledige bygg er i utgangspunktet interessante for å busetje flyktningar, seier Apelseth.

– Ikkje nok pengar

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

KS-leiar Jenny Følling er skuffa over at regjeringa ikkje vil gje meir til busetjing av flyktningar ute i kommunane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Jenny Følling, som er KS-leiar i fylket og påtroppande fylkesordførar, er glad for at Norsk Folkehjelp har teke initiativ til å opprette nye mottak.

Samstundes er ho veldig skuffa over regjeringa som i framlegget til statsbudsjett vil løyve 75 millionar ekstra til busetjing av flyktningar ute i kommunane.

– 75 millionar kroner er altfor lite. Den flyktningkrisa som Norge opplever no, den vil krevje mykje meir enn dette, så har Stortinget ein jobb å gjere. Dette er ikkje nok å handtere det busetjingsbehovet som kommunane vil ha, seier Følling.