Hopp til innhold

Dei vil lokke fleire barn til bokhylla

Høge bokhyller er bytta ut med lågare hyller der små barnehender sjølv kan forsyne seg med sine favorittar. Bokbyen i Fjærland håpar å vinne 100.000 kroner slik at dei kan utvikle Barnebokbyen.

Marianne Supphellen og Eivind Ødegård

SATSAR PÅ BARN OG UNGE: Marianne Supphellen og Eivind Ødegård håpar satsinga deira skal lokke fleire barn og unge til Bokbyen i Fjærland.

Foto: Birger Meland / NRK

Barnebokbyen skal vere eit tilbod som skal freiste barn og unge inn i bøkenes verd. Den norske bokbyen mellom dei høge fjella i Fjærland har lenge selt bruktbøker, men har sjølv innsett at tilbodet dei har hatt til barn og unge ikkje har vore godt nok.

No gjer dei grep, og håpet er å få til ein barnebokby der heile familien skal kunne trivast.

– Her skal det ikkje vere tre meter høge bokhyller, men hyller der smårollingane sjølve skal få tak i bøker, seier Eivind Ødegård som er dagleg leiar i Bokbyen.

Barnebokbyen er den tredje av ti finalistar som kjempar om 100.000 kroner i konkurransen som heidrar den beste kulturideen i Sogn og Fjordane. Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane og NRK Sogn og Fjordane.

Aktivitetar og tilbod

Saman med butikkansvarleg Marianne Supphellen i Bokbyen viser han stolt fram barneavdelinga som dei håpar skal bli eit tilbod der barn og unge får auga opp for både skrivne bøker og lydbøker.

I tillegg til hyller som passar betre for barn, er betre merking av hyllene eit av grepa for å gjere bokbyen meir barnevenleg. Dei vil også lage til med fleire leikar og aktivitetar for barn, blant anna ei slags quizløype.

– Det er ein bokbysti som går gjennom heile bokbyen med spørsmål og svar, seier Ødegård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eivind Ødegård

EI GOD INVESTERING: Eivind Ødegård lovar at 100.000 kroner vil kome godt med når dei skal utvikle Barnebokbyen.

Foto: Birger Meland / NRK

– Meir tilgjengeleg

Med små bord og lesekrokar skal dei også leggje til rette for at både barn og vaksne skal ta seg ei lesestund.

Dei vil også aktivt bruke digitale løysingar for å kunne gje meir informasjon om bøkene dei har, der barna og vaksne kan både høyre og lese om forfattar, emne eller eit lite utdrag frå bøkene.

– Det er ganske mange tiltak vi har sett i gang for å gjere bokbyen meir tilgjengeleg for barn og familiar, seier Ødegård.

Har allereie sett effekten

Marianne Supphellen har ikkje tal på kor mange barnebøker dei har for sal, men seier det er snakk om nokre tusen. Alt frå gamle klassikarar til biletbøker for dei aller minste er å finne i hyller og kassar i barneavdelinga.

Allereie merkar dei at barn og familiar har funne seg til rette i den nye avdelinga som er spesielt retta mot barn og unge.

– Det er veldig kjekt å sjå. Vi ser at barna omfamnar denne avdelinga i større grad enn før. Før var det nesten fleire vaksne i barneavdelinga, men no ser vi at barna finn ei anna ro, seier Supphellen.

Finalist for andre året

Bokbyen var også ein av finalistane i fjor, då med Boknatti. At dei for andre år på rad er plukka ut til finalerunden gjer dagleg leiar Eivind Ødegård stolt.

– Det er veldig hyggjeleg. Eg vil sete at det er bra teikn for oss. Det viser at det skjer mange bra ting her i Bokbyen.

– Dette er ein liten plass og ei lita bedrift, men det blir pønska ut mange bra idear her, og det er det svært hyggjeleg at nokon legg merke til, seier han.

«Spennande» og «strålande»

Juryen består av Pål Fidjestøl, direktør for Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, Hilde Bjørkum, direktør i Førdefestivalen, Edvin Helgheim, prosjektleiar i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Kristin Sandal som jobbar i Norsk Country Treff.

– Eg synest dette er ein spennande ide. At ein klarar trekkje inn ei målgruppe som ein kanskje ikkje har nådd så godt før, seier Sandal.

Også Bjørkum er imponert.

– Eg tenkjer dette må vere eit strålande konsept. Eg har ofte etterlyst kulturarenaer der vaksne og barn kan vere saman, og eg tenkjer at om dei får dette opp å stå, så har det stort potensial, seier festivalleiaren.

Ho meiner det vil bli mykje meir freistande å ta med seg barna til Bokbyen med eit slikt tilbod.

– Eg har trua på dette, seier ho.

– Tek seg sjølve i nakken

Juryleiar Pål Fidjestøl seier det for etablerte kulturkonsept er ei utfordring å fornye seg, og meiner Bokbyen har klart det med glans.

– Dei ser at dei ikkje har gjort ein god noko jobb, og tek seg sjølve i nakken og går i bresjen for å leggje til rette tilbodet for barn, rosar han.

Men juryen har også nokre spørsmål til folka bak ideen.

– Tenkjer dei heile målgruppa barn, eller er det ei spesifikk aldersgruppe?

– Korleis skal dei gjere det i forhold til marknadsføring, og vil dei greie nå ut til nye delar av befolkninga. Både her i fylket og elles i landet, vil dei vite.

– Ja, og amen

Eivind Ødegård og Marianne Supphellen er godt nøgde med responsen frå juryen.

– Dette er det berre å seie ja, og amen til. Det er veldig godt å høyre at dei skjønner kva vi driv med, seier Ødegård.

I forhold til målgruppe seier dei to at dei ønskjer å nå heile spekteret, frå dei minste til ungdomen.

– Vi har fått til ein eigen ungdomskrok, og der er det lettare å finne fram dei gode ungdomsbøkene som faktisk mange ungdomar bryr seg om. Det er veldig kjekt å sjå at også dei les, og at det ikkje berre er dataspel og slike ting som tel, seier Supphellen.

Håpar å nå ut til fleire

I forhold til vidare utvikling håpar Bokbyen at Barnebokbyen etter kvart skal kunne få eigne bygg, men enn så lenge nyttar dei plassen dei har.

Og marknadsføringa har dei også ein plan for.

– Vi skal starte med å lage ei brosjyre der det står konkret kva folk kan finne her, og om eventuelle aktivitetar og slike ting, seier Supphellen.

Desse er med i kampen

44 søknader har kome inn til juryen, og dei har no plukka ut ti finalistar. Desse blir presenterte i nettsidene til NRK Sogn og Fjordane og i dagsending på radio kvar tysdag og torsdag framover.

Vi har allereie presentert:

Når alle dei ti finalistane er presentert vil det bli ei avstemming der alle kan vere med å bestemme kva kulturidé som er den beste.

Juryen vil også ha eit ord med i laget når det skal avgjerast kven som stikk av med prisen for «Årets Kulturidé 2013». Vinnaren blir presentert den 14. juni, på ein stor fest i hagen hos NRK Sogn og Fjordane.