Hopp til innhold

Vil leggje ned stasjon på Flåmsbana

Stasjonen Dalsbotn på Flåmsbana er føreslått nedlagt av Jernbaneverket.

Dalsbotn

INGEN STOPP: Her blir det truleg ikkje stopp på Flåmsbana i framtida.

Foto: Jernbaneverket

I ei pressemelding skriv dei at årsaka til nedlegginga er for få reisande.

Totalt føreslår Jernbaneverket å legge ned 31 stasjonar i Norge. Dei fleste av desse er små haldeplassar med særs få reisande og låg standard.

Haldeplassen på Dalsbotn blei teken i bruk i 1942 då Flåmsbana opna for ordinær persontrafikk. Den ligg 13,8 kilometer frå Myrdal og er ein av ti strekningar mellom Flåm og Myrmel.