Regjeringa har sagt at det skal satsast på denne pasientgruppa, men helseføretaket foreslår likevel å spare.
– No er smertegrensa nådd. For at vi skal gje eit godt tilbod innanfor psykisk helsevern til alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane, er det ikkje meir å ta av, seier føretakstillitsvald Elin Lysne.
I desember skal budsjettet for neste år leggast i Helse Førde. Men allereie no veit psykisk helsevern at dei kan måtte spare mellom fem og seks millionar kroner, fordelt på barne- og ungdomspsykiatrien og vaksenpsykiatrien.
Psykisk helsevern vert råka trass i at regjeringa har løyvd meir pengar i sitt budsjett til denne pasientgruppa, og er tydelege på at den skal vernast mot kutt.
– Vil gå ut over pasientar utanfor Førde
Elin Lysne er føretakstillitsvald og snakkar på vegner av fleire tilsette. Ho seier kuttforslaga råkar hardt.
– Eit eksempel er avviklinga av «aktiv på dagtid». Vi må ta ned på verksemd som gjer at terapeutane i barne- og ungdomspsykiatrien reiser ut og møter born der dei er med familiane og skulen, seier Lysne
Det vil spesielt unge folk i utkantane merke, meiner ho.
– Min påstand er at born og unge i kommunar lenger vekke får dårlegare tilbod enn born og unge i Førde.
Ni årsverk kan forsvinne
Klinikkdirektør Ole Christian Reusch seier dei no er i ein diskusjonsfase for kvar kutta skal komme, og at saka er ute på høyring i dei ulike avdelingane. Ingenting er vedteke før styremøtet i Helse Førde i desember, men Reusch legg ikkje skjul på at kutta kjem.
– Utfordringsbiletet kom ikkje overraskande på nokon. Men det er aldri kjekt å måtta spare i den grad at det kanskje går utover pasientane.
– Kor mange stillingar blir redusert om budsjettet går gjennom?
– Slik som det ser ut no er det vel ni årsverk.
Meiner kutta er forsvarlege
Dermed kan det mellom anna bli vanskeleg å overhalde tidsfristane for behandling av pasientar. Men Reusch meiner kutta er forsvarlege.
– Ja, heilt klart. Elles kunne vi aldri lagt fram eit slikt budsjettforslag. Det meiner vi er heilt openbart.
For dei tilsette er dette ikkje leveleg
– Vi må jobbe fortare, og det er ikkje sikkert det er mogleg. Då blir resultatet at det blir lenger tid mellom avtalar pasientar får, til dømes i poliklinisk behandling, seier Lysne.