Hopp til innhold

Etter to poeng på sju kampar: «Må stille større krav til dei nye spelarane»

Etter berre to poeng på dei siste sju kampane vedgår Sogndal sine assistenttrenar Tom Mangersnes at resten av sesongen vert ein kamp mot nedrykk. Han meiner Sogndal må verte meir like Sogndal for å vinne den kampen.

Valgardsson

VIL KREVJE MEIR: Sogndal sin assistent-trenar, Tom Mangersnes vil krevje meir av dei nye spelarane, og vil at Sogndal skal verte meir som Sogndal: Tøffe i duellane slik Logi Valgardsson her var mot Viking sin Yann-Erik de Lanlay på laurdag.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Det er opp til oss sjølve. Tabellen er interessant når sesongen er slutt. Skal du sikre plassen i tippeligaen, må du opp i 34 poeng for å vere sikker. Det har vi hatt fokus på heile vegen, seier Mangersnes.

– Har gjort det tøffare for oss sjølve

Sogndal tok 11 poeng på dei første 10 kampane, og har teke 9 poeng på dei neste 10. No vert kvar kamp som ein finale, seier Mangersnes.

– No har vi ti matchballar att til å plukke dei naudsynte 14-15 poenga vi må.

I dei fire kampane før VM-pausen tok Sogndal 10 av 12 moglege poeng. Men etter VM-pausen har laget berre teke to poeng på sju kampar.

– Det var stor ståhei for vi gjorde det veldig bra. Vi hadde 17 kampar å gjere jobben på. No har vi dessverre berre klart to poeng etter pause, og det betyr at vi har ein enno litt tøffare jobb framføre oss, seier assistenten.

Stor aktivitet i sommarvindauget

Tom Mangersnes

MYKJE KJØP OG SAL: Mangersnes meiner den store utskiftinga i spelartroppen har bidrege til den dårlege perioden.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogndal har hatt eit tøft kampprogram i denne dårlege perioden. Laget har møtt Odd Grenland som har ikkje tapt sidan 11. mai, serieleiar Molde borte, Rosenborg borte, Strømsgodset borte, og Viking i Stavanger, der Sogndal aldri har vunne.

– Dei kampane som er mest skuffande er slike som siste heimekamp mot Bodø Glimt. Det er slike kampar vi er aller mest skuffa over, seier Mangersnes

Forutan kampprogrammet nemner Mangersnes skader på Ruben Holsæter og nyinnkjøpte Babacar Sarr som grunnar til dårleg form.

– Eg trur heller ikkje vi skal undervurdere at sommarvindauget har sett spor hjå oss. Vi mista nokre sentrale spelarar bak i banen som er viktige for at Sogndal skal henge med. Det tek alltid tid å få i gang nye spelarar som kjem inn, som Tom Söderberg, og andre som har kome inn.

Mangersnes meiner kampprogrammet, skader og stor turnover i spelarstallen i sum har gjort at laget ikkje har fungert godt nok til å ta nok poeng i den tøffe perioden. Likevel vedgår han at dei ikkje har vore gode nok.

– Vi har berre oss sjølv å takke og det vi sjølv som må kjempe oss ut av det, seier han.

– Vi må stille krav

Og oppskrifta for å kjempe seg vekk frå kvalikkplassen og opp på trygg grunn er nettopp kjemping.

– Vi såg tendensar til det i kampen mot Viking: vi må vere tøffare i duellspelet. Vi har statistikkar som viser at vi har vore for svake på ting som alle som spelar mot Sogndal forventar at Sogndal er veldig tøffe på, seier Mangersnes.

Han nemner duellspel, dødballsituasjonar, situasjonar kor laget tradisjonelt sett har vore veldig sterke.

– Der må vi byrje. Det handlar om intensitet på treningsfeltet, førebuing på treningsfeltet og det handlar om å vere rå, klare og tydelege slik at vi sørger for at alle spelarane dreg i same retning.

– No har dei nye vore her ei stund, og no må vi byrje å stille krav og forvente ting av kvarandre.

Og Mangersnes er optimist.

– Då handlar det om å vere gode nok på dei detaljane vi kan påverke. Er vi det, har vi nok kvalitet i laget til å ta både fire og fem sigrar, og kanskje fleire.