Hopp til innhold

Vil ikkje vente med nedlegging

I staden for å vente på at flyplassar i Sogn og Fjordane blir lagde ned, meiner fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp at fylket sjølv må ta initiativ.

Frank Willy Djuvik, Sandane lufthamn Anda

VIL IKKJE VENTE: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner Sogn og Fjordane ikkje må vere passive, men sjølve ta initiativ til å endre flyplasstrukturen.

Foto: Montasje (Løset/Starheim) / NRK

I går fortalde NRK at Avinor meiner fleire flyplassar på kortbanenettet i Norge kan bli nedlagde fordi ein manglar eigna småfly. Framstegspartiet har også tidlegare teke til orde for å leggje ned to av dei fire flyplassane i fylket.

Når Avinor no åtvarar om at nedlegging kan bli eit faktum uansett, meiner Djuvik at fylket må ta grep.

Han ser ingen grunn til at Sogn og Fjordane skal sitje passive og vente på ei utvikling som uansett vil tvinge seg fram. I staden bør fylket sjølv ta grep er oppmodinga hans.

Må kjøpe fly frå Midtausten

Kommunikasjonsdirektør i Avinor, Ove Narvesen, sa i går at mangelen på 40-setars fly kan føre til at kortbaneflyplassar rundt om kring i Norge må leggjast ned. Også Widerøe vedgår at det er eit problem at det ikkje lenger blir produserte fly som er eigna til å lande på rullebanene på kortbanenettet.

Førebels har løysinga for dei blitt å kjøpe brukte fly frå Midtausten.

– Vi har kjøpt tre brukte fly frå Saudi-Arabia. Desse flaug vi over til Canada, der dei har stått i eit år i samband med modifisering opp til Widerøe sin standard, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien som no har fått det første flyet til Bodø.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Flymanger trugar flyplassane i fylket.

– Enorme investeringar

Også Frank Willy Djuvik i Frp har merka seg dette.

– Det er riktig som Avinor seier at vi vil få kjempestore utfordringar i forhold til kortbanenettet om veldig kort tid, nettopp fordi det ikkje blir produsert eigna fly, seier Djuvik.

Skal ein kunne halde fram med å nytte flyplassane på kortbanenettet må dei utvidast for å kunne klare å ta i mot større fly. Det kjem til å bli for dyrt, argumenterer Djuvik.

– Dette vil bety enorme investeringar for å ruste opp og forlengje flyplassane vi har. På Anda lufthamn i Gloppen vil ikkje dette vere mogleg med dagens teknologi og tilgjengelege middel, seier Djuvik som meiner det ikkje går an å ruste opp flyplassen til å ta i mot større fly.

Også på Førde lufthamn Bringeland vil ein trenge store investeringar skal ein ruste opp flyplassen til å kunne ta i mot større fly. Djuvik har tidlegare sagt at det vil vere betre om Sogn og Fjordane hadde to store flyplassar, og meiner Florø og Sogndal er flyplassane å satse på i framtida.

– Kan bety pengar til nye vegar i staden

No meiner Djuvik at Sogn og Fjordane sjølve må ta initiativ til å gjere noko med flyplasstrukturen.

– Vi har jo tidlegare teke til orde for å få på plass ei løysing med flyavløysingsmidlar. Det vil seie at statens sine rutekjøpskostnader for fly, vil løyse ut 25 års driftskostnader. Dette etter same prinsipp som ferjeavløysingsmidlane, seier Djuvik.

Frp har rekna ut at det vil kunne gi fylket nærare tre milliardar kroner som kan brukast til ulike samferdsleprosjekt i fylket. Djuvik nemner 45-minuttsregionen, kystvegen mellom Florø og Askvoll og veg mellom Sandane og Storebru er blant prosjekta som ein kan nytte pengane på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Ryssdal

AVVISER: Anders Ryssdal støttar ikkje opp om Djuvik sin argumentasjon.

Foto: NRK

Avviser forslaget

Ikkje overraskande så er ikkje ordførar Anders Ryssdal i flyplasskommunen Gloppen veldig begestreia for forslaget frå Djuvik.

– Eg kjenner ikkje til ei slik ordning, og eg veit ikkje kor Djuvik har fått denne pengesummen frå, så eg vil avvise dette, seier Ryssdal.

– Eg meiner vi treng fire flyplassar i Sogn og Fjordane også i framtida.