Hopp til innhold

Vil ikkje ta imot 15 nye flyktningar

Høyanger vil ikkje ta imot 15 flyktningar til neste år som dei i utgangspunktet har sagt dei skal.

Høyanger

SEIER NEI: Høyanger seier nei til å ta imot busetnadsklare flyktningar til neste år på grunn av asylmottaket som kjem i november.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi meiner vi ikkje vil ha kapasitet til å handtere 15 nye flyktningar til neste år no når mottaket kjem, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland.

Skulle ta imot 50 på tre år

Det var i fjor at kommunen vedtok at dei skulle ta imot 50 nye busetnadsklare flyktningar dei komande tre åra. 20 personar i 2014, 15 til neste år og 15 i 2016.

Å busetje flyktningar er frivillig for kommunane, men dei vert oppmoda om å ta imot og legge til rette for nye flyktningar kvart år.

Men rådmann Arve Varden har skrive ei tilråding der han argumenterer for at det vert for krevjande for kommunen å ta imot så mange som dei i utgangspunktet hadde tenkt, fortel ytresogn.no .

Asylmottaket skyv på flyktningane

Kommunen skal i løpet av november bli vertskommune for eit nytt asylmottak for 150 asylantar.

Petter Sortland

KLAR: Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, seier dei gjer seg klare til å ta imot 150 flyktningar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dette har skapt store diskusjonar blant folk i Høyanger og ordførar Sortland har vore tydeleg på at det er krevjande for ein kommune som er på Robek-lista.

– Vedtaket om å plassere 150 asylsøkjarar i Høyanger har gått for fort, men no må vi gjere det beste ut av situasjonen, og er klare til å brette opp ermene.

Samrøystes nei til fleire

Formannskapet var samla denne veka og der var ei av sakene busetning av flyktningar dei komande åra.

– Skal vi ta vertsoppgåva vår på alvor og klare å ha eit godt nok apparat rundt asylsøkjarane som kjem på mottaket, vil ikkje vi ha moglegheit til å ta imot flyktningar til neste år, seier Sortland.

Han seier dei har bede rådmannen om ei gjennomgang av situasjonen til sommaren igjen, for då å vurdere saka på nytt.

Skulle vere 20, vart 29

I løpet av året har kommunen til saman busett 29 flyktningar. Ni fleire enn det dei bestemte seg for å takke ja til.

– Det har blitt 29 på grunn av familiegjenforeining. Det synest vi er kjempekjekt og vi ser at borna trivst på skulen og er godt integrerte.

Sortland rosar flyktningkonsulenten i kommunen for innsatsen som er lagt ned i arbeidet med flyktningane.

– Ein svært dyktig konsulent og eit godt apparat rundt dei som har kome til oss er viktig og avgjerande for at dette skal gå bra.

Vesentleg med støtteapparat

Per no bur det 61 flyktningar i kommunen der 27 av dei er ungar.

– Vi skulle gjerne hatt fleire arbeidsplassar å tilby dei og gjeve dei meir arbeidstrening. Men slik er det i ein liten kommune.

Med eit asylmottak like om hjørnet jobbar kommunen no med å kartleggje behovet for fleire ressursar på oppvekst og helsesektoren i kommunen.

Auka press på tenester

Det er førebels uvisst kor mange fleire hender som trengst, men Sortland trur det vil bli eit vesentleg auka på press på desse sektorane.

– Vi har fått råd om å auke bemanninga når det gjeld helsesøstertenester. Og vi ser også på kva kompetanse vi treng i skuletilbodet vårt når asylsøkjarane kjem, fortel Sortland.

I midten av oktober vert det folkemøte om asylmottaket der Norsk mottaksdrift vil informere innbyggjarane i Høyanger om korleis situasjonen blir framover.

– Vi i kommunen fekk ei slik gjennomgang og det var svært nyttig for oss, seier ordføraren.