Hopp til innhold

Vil ikkje ha trafikkauke utan strengare krav

Styret i Nærøyfjorden Verdsarvpark meiner det blir fullstendig feil å auke trafikken på fjorden utan å samstundes stille krav. Krav dei meiner burde vere strengare enn i dag.

Nærøyfjorden - Fjord Norge

USEMJE: Det er ulike syn på korleis ein skal handtere den aukande trafikken på Nærøyfjorden.

Foto: Katrin Moe

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Frå sommaren aukar truleg trafikken på Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.

To selskap har søkt om å få utvide rutene sine, og fylkesadministrasjonen rår politikarane til å seie ja.

Nestleiar Leif Inge Underdal i Nærøyfjorden Verdsarvpark

KRITISK: Nestleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, Leif Inge Underdal.

Foto: Birger Meland / NRK

– Vi synest lite om at det er fritt fram i høve til trafikkauke. Det verkar som at samferdselsutvalet og direktøren for samferdsle ikkje har stilt krav i det heile, seier nestleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark, Leif Inge Underdal.

Meiner fjorden mister eksklusiviteten

Ordførar i Aurland og leiar i Samferdsleutvalet, Noralv Distad, har på si side sagt at han meiner det er forsvarleg å auke trafikknivået, sjølv om forureining og larm har uroa fleire.

– Vi må kunne forvalte området på ein måte som gjer at ein kan behalde høg trafikk, og som tek vare på miljøomsyn. Eg meiner vi i augneblinken kan leve med høg trafikk, men det er ting vi må vere merksame på heile vegen.

Men Underdal meiner det ukritisk vert tillate trafikkauke.

– Viss ein ikkje stiller krav til volum, altså trafikkstorleiken, og miljøet, så vil ein ikkje klare å halde på eksklusiviteten som ligg i fjordproduktet, som også ligg til grunn for verdsarvstatusen. Då får ein ikkje ut næringspotensialet, som eg vil påstå, ligg der.

Vore fokus i lang tid

Noralv Distad Høgre fylkestinget

FORSVARLEG: Noralv Distad (H) er både ordførar i Aurland og leiar i Samferdsleutvalet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I oktober arrangerte Nærøyfjorden Verdsarvpark dialogkonferanse i Flåm der fokus var på miljøtiltak. I ettertid hadde Nærøyfjorden Verdsarvpark møte saman med Vestnorsk fjordlandskap, Sjøfartsdirektoratet, Kystverket og Miljødirektoratet.

Ifølgje Underdal var det her semje om å sjå på både korttidstiltak i høve til noverande regelverk og å sjå på mogleg tilpassing av regelverket på lengre sikt.

Han meiner dagens regelverk gir rom for strengare krav enn det som blir utøvd.

– Når eg seier det skal forvaltast strengare, så er det ikkje for å redusere næringsaktiviteten, men for å få meir næringsmessig, lokal verdiskaping og i større grad stimulere busetnaden i området. Ein av dei viktigaste kvalitetane er nettopp at det bur folk her, seier han til NRK.

– Kan ikkje stille krav som på anbodsruter

Fylkesdirektøren stiller seg på si side undrande til kritikken frå Undredal.

Velaug Veum

UNDRANDE: Fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Alle rutene på Nærøyfjorden er kommersielle. Fylkeskommunen kan ikkje stille krav til fartøy slik vi kan gjere i ein anbodskonkurranse. For rutene på Nærøyfjorden er vår oppgåve å stille krav om at fartøya skal tilfredsstille gjeldande lover, opplyser samferdsledirektør Velaug Mo Veum i ein e-post til NRK.

Ho viser til at fartøyet som blir nytta i rutedrift til ei kvar tid skal fylle gjeldande vilkår stilt av Sjøfartsdirektoratet. Det er dei som har kontrollmynde.

– Stiller miljøkrav

– I anboda våre stiller vi miljøkrav. Til dømes stilte vi miljøkrav til ekspressbåten Flåm–Bergen som reduserte drivstoffbruken monaleg, skriv Veum og legg til at krava må vere heimla i eit lovgrunnlag.

Fylkeskommunen har innhenta uttale frå Aurland Hamnevesen KF i høve til kaiplass for fleire avgangar. Dei har ikkje noko å utsetja på auken i tal avgangar, bortsett frå tilpassing av ilandsetjing kl. 20.30.

– Vi kjenner ikkje til kva grunnlag styret i verdsarvparken har for å slå alarm. Her bør vel fagfolk gjere vurderingar om kva nivå eventuelle miljøutfordringar er på, skriv Veum.