Hopp til innhold

– Dei siste åra har me bedt om å ikkje få heimekamp den 16.mai

16. mai er den store festdagen i norsk fotball. Ein festdag Sogndal ikkje vil ha.

Egil Mundal / publikum på Fosshaugane Campus

OFRAR SEG FOR LOKALFOTBALLEN: Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, seier at dei ynskjer seg bortekamp den 16. mai for at lokaloppgjera i fylket skal få masse folk.

Foto: Heidi Lise Bakke/Oddleif Løset / NRK

– 16. mai er ein festdag i dei lågare divisjonane i resten av fylket vårt, og det gjer at me har bedt om å ikkje få heimekamp den datoen, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.

Onsdag dreg Sogndal til Bergen for å kjempa om tre poeng mot storebror Brann.

11 bortekampar – ingen heime

Egil Mundal

DAGLEG LEIAR: I Sogndal Fotball, Egil Mundal.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sidan Tippeligaen fekk namnet sitt i 1991, har Sogndal spelt 11 sesongar i den divisjonen. Ikkje ein einaste av 16. mai-kampane har vore heime på Fosshaugane. Eit bevisst val, seier Mundal.

– For det fyrste so trur me at ein 16. mai-kamp i Sogndal ikkje vil bli den same folkefesten som den er andre stader. Fylket vårt er stort, og då er dagen før 17. mai kanskje meir upraktisk enn praktisk å bruka til fotballkamp langt vekke, seier Mundal.

På den andre sida har klubbane Rosenborg og Brann spelt alle 16. mai-oppgjer sidan 1991 heime på høvesvis Lerkendal og Brann Stadion.

Vil støtta lokaloppgjera

– Det er store lokaloppgjer nedover i divisjonane, og då er det heilt greitt for oss å støtta opp under dei i staden for å konkurrera mot dei, seier Mundal.

Han seier at sidan kampen borte mot Brann blir sendt på TV, so rekk folk både lokaloppgjeret i heimbygda, før dei kan sjå Sogndal på fjernsyn.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon for fotballen i fylket vårt, seier Mundal.

– Trur du ikkje det kunne blitt ein folkefest om de hadde hatt heimekamp den 16. mai?

– Jo, det kunne det sjølvsagt, men det er endå viktigare for oss å få ein heimekamp i samband med studiestarten om hausten og liknande. Og so er det viktig for fotballkrinsen og dei andre klubbane i fylket at dei får folk på lokaloppgjera sine, og der har me også eit ansvar.

– Ikkje tradisjon for 16. mai-kamp

Geir Frode Lunden

– HEILT OK: Arrangementsansvarleg i Saftkokaradn, Geir Frode Lunden, tykkjer det er heilt greitt med bortekampar den 16. mai.

Foto: saftkokaradn.com

– Utifrå dei føresetnadene me har for å få publikum i Sogndal, og litt tradisjon og kultur i bygda, so tykkjer eg at det høyrest heilt greitt ut at klubben ikkje treng heimekamp den 16. mai, seier arrangementsansvarleg i Saftkokaradn, Geir Frode Lunden.

Han tykkjer Sogndal Fotball leigg inn gode ynskjer når terminlista skal setjast opp, og trur at andre supporterar har det same inntrykket.

– Tradisjonen med fotballfest heime den 16. mai har ikkje vore til stades i Sogndal dei siste 20 åra. Me har hatt heimekampar den datoen då me var i 1. divisjon, men det var ikkje noko meir folk då enn andre datoar, seier Lunden.

«Bønder i by'n»

Nesten 800 av dei 850 billettane Sogndal får til Brannkampen, er selde. Heller ikkje hjå supporterklubben Saftkokaradn er saknet etter ein heimekamp 16. mai stort.

Lunden vart veldig glad når han såg at Sogndal skal spela borte mot Brann på fotballen sin festdag.

– Å møta Brann borte den 16. mai er noko av det største ein kan oppleva som supporter. Slikt mobiliserer og det blir mange tilreisande Sogndalsupporterar i Bergen, seier Lunden.