Hopp til innhold

Ministeren vil ikkje granske vikarbyrå

Helseminister Bent Høie (H) vil ikkje granske det omstridde danske legevikarbyrået NordVik.

Bent Høie

SEIER NEI: Helseminister Bent Høie vil ikkje ganske legevikarbyrået NordVik.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det er kommunane som har ansvar for kva legar dei får tak i. Dei kan ikkje leggje ansvaret over på meg som helseminister eller eit utanlandsk vikarbyrå, seier Bent Høie til NRK.

Dei tre danske vikarlegane blir alle granska av Statens helsetilsyn på grunn av svært kritikkverdige forhold då dei jobba ved Nordfjord legevakt i Sogn og Fjordane.

Den eine fekk sparken etter å ha vore rusa på jobb. Den andre sit no i retten tiltalt for aktlaust bildrap fordi han i pillerus på veg heim frå Nordfjord legevakt krasja, og ei kvinne i 40-åra omkom.

Den tredje vikarlegen er under gransking fordi han nekta å ta imot ein dødssjuk pasient.

Nei frå ministeren

Nestleiar i Stortinget sin helse- og omsorgskomite, Kjersti Toppe frå Senterpartiet, meiner sakene ved Nordfjord legevakt er så alvorlege at ho bad Høie opne for å granske byrået. Men det seier Høie nei til.

– Å starte gransking vil i tilfelle vere ei oppgåve for dei som har inngått avtale med vikarbyrået. Dette er ikkje ei oppgåve for Helse- og omsorgsdepartementet, seier Høie.

Meiner samarbeidet må vurderast

Høie påpeikar at den mangelfulle kvaliteten på legane som NordVik har rekruttert til Nordfjord legevakt gjer at legevakta bør vurdere samarbeidet med vikarbyrået.

– Det som er avdekt ved Nordfjord legevakt er veldig alvorleg. Sakene er under etterforsking av både politi og tilsynsmynde, så får vi sjå kva dei kjem fram til. Men det er ikkje tvil om at Nordfjord legevakt bør vurdere forholdet til vikarbyrået, seier Høie.

Har ein vikarlege

Karsten Ramløv Svendsen

IKKJE MANGE: Det er ytterst få av legane vi har rekruttert som ikkje har fungert i jobben, seier styreleiar Karsten Ramløv Svendsen i NordVik.

Foto: Transmedica

Kommunalsjef Rune Engeset i Eid har ansvaret for den kommunale legevakta i Nordfjord. Han ønskjer ikkje å kommentere saka på radio.

Han fortel derimot at dei i dag gjer seg nytte av ein lege som NordVik har rekruttert, og at dei i framtida ikkje har planar om å hente inn fleire legevikarar.

Styreleiar Karsten Ramløv Svendsen i NordVik har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Men tidlegare har han beklaga sterkt at enkelte legar ikkje har fungert. Ramløv Svendsen har også uttalt at det er ein svært liten del av legane NordVik har rekruttert til Norge som ikkje har fungert.