Hopp til innhold

Regjeringa vil ikkje pålegge kommunane å drive sorgarbeid

Det er kommunane sitt ansvar å drive sorgarbeid, sler regjeringa fast. Men dei vil ikkje gje kommunane pålegg om å drive arbeidet.

Video Sykehusstreiken over - Lisbeth Normann

STOLAR PÅ KOMMUNANE: Lisbeth Normann (H) meiner det er kommunane sitt klare ansvar å leggje til rette for dei som treng profesjonell hjelp etter sterke sorgopplevingar.

Foto: Nyhetsspiller

Søndag og i dag har NRK fortalt historia til ekteparet Gudmund og Marta Slåtten, som fekk frårøva dottera si av ein brutal drapsmann for ti år sidan. For dei er sorga tidvis like sterk i dag som den gongen.

– Eg har vore sjukepleiar sidan 1985, og det overraskar meg ikkje i det heile teke. Eg synest det er flott at familiar står fram på denne måten og peikar på at etterreaksjonane kan kome etter mange år. For nokon går det fort over, for andre tek det lang tid, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann (H).

Normann var tidlegare leiar i Norsk sjukepleiarforbund, før ho blei statssekretær i Solberg-regjeringa etter valet.

Krev meir sorgforsking

Ein av landets fremste ekspertar på traume og sorg, psykolog Atle Dyregrov, etterlyste tidlegare i dag meir forsking på langvarig, dramatisk sorg.

Atle Dyregrov

PSYKOLOG: Atle Dyregrov

Foto: UiB

– Vi må ha eit mykje meir langsiktig fokus enn vi har hatt, og det har vi ikkje i Noreg i dag. Nokre slit spesielt fordi omgjevnadane gløymer veldig fort, sa Dyregrov.

Han etterlyser også betydeleg meir forsking på dette, ikkje minst fordi han meiner at ein veit for lite om langtidsverknadene av den endelause sorga.

– Vi har i stor grad og med rette løyvd mykje midlar til traumefeltet, men sorgfeltet er eit steborn. Vi kunne gjort så mykje meir, meiner Dyregrov.

Vil ha lågterskeltilbod

Statssekretær Normann meiner at det er viktig med eit fokus på sorg, men vil ikkje love meir midlar til sorgforsking.

– Men eg synest at vi skal halde fram med å halde fram med å byggje opp gode tilbod i kommunane. Dei har etter kvart blitt veldig flinke på sorgarbeid og handterer dette på ein god måte. Kunnskap og fokus på at vi faktisk veit nok er eit politisk ansvar, så får vi organisere oss etter det. Når det verkar inn på folk si

Anne Slåtten

BLEI DREPEN: Sjukepleiarstudenten Anne Slåtten blei brutalt drepen på veg til jobb i Førde 6. juni 2004.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

helse, så har vi sjølvsagt eit ansvar for ta vare på det på best mogleg måte, seier Normann.

– Men bør ein ikkje ha større fokus på dette?

– Eg trur i alle fall det er viktig å ha dette med seg, særleg for dei som møter dette profesjonelt. Vi ser jo også mange kommunar som har tilbod til dei som har sorg. Det er viktig at vi har lågterskeltilbod for dei opplever dramatiske og traumatiske hendingar.

Vil ikkje gje kommunane pålegg

Men å pålegge kommunane å drive sorgarbeid, vil ikkje regjeringa gjere, slår statssekretæren fast.

– Eg trur det er vanskeleg å pålegge kommunane dette. Det som er viktig er å sjå at det er fleire som kan bidra på ein god måte, både nærmiljø, familie og det å ha andre stader å snakke om dette. Så må vi klare å lage ei kommunehelseteneste som har låg terskel for at folk med langvarig sorg har ein stad der dei kan snakke med nokon når dei treng profesjonell hjelp, seier Normann.