Hopp til innhold

Betalingsfloke: Fylkeskommunen møter reiselivet og Fjord1

Reiselivsnæringa fryktar turistbussane kan forsvinne frå vegane fordi Fjord1 ikkje aksepterer internasjonal betalingsordning.

Ferja Gudvangen i Flåm

BETALING: Korleis turistoperatørane skal betale for reisene er blitt eit problem for reiselivsnæringa etter at Fjord1 ikkje aksepterer ei internasjonal betalingsordning.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Svært mange av operatørane ser på dette som utfordrande. Dei er litt frustrerte og dei er litt usikre på korleis dei skal løyse dette reint praktisk, seier reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i VisitSognefjord.

Ståle Brandshaug i Flåm

REISELIVSSJEF: Ståle Brandshaug er reiselivsdirektør i VisitSognefjord.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Difor er det i dag duka for møte mellom Fjord1, fylkeskommunen og Visit Sognefjord. I staden for å betale med kort eller pengar, har utanlandske turistbussar nytta verdikupong. Men Fjord1 risikerer at kupongane ikkje blir betalte og bestemte før nyttår seg for å ikkje lenger godta desse.

Fryktar turistbussane kan forsvinne

Som Brandshaug i VisitSognefjord, har ikkje leiar i samferdsleutvalet Arnstein Menes gitt opp håpet om å få utsett endringa. Kredittkort vert vurdert som vanskelege for bransjen. Dei fryktar turistbussane kan forsvinne frå vestlandsvegane.

Ferjekø i Kaupanger

KØ AV BUSSAR: Fylkeskommunen fryktar det kan bli slutt på bussar av turistar på vegane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette vil påføre dei reisande ein del problem. Dei turane som er selde, vart selde i mai og framover sommaren og tidleg haust så alle operatørane hadde planer om å bruke dette systemet også i 2015. Då er det tidsvarsel som gjer at vi håpar vi kan finne ei løysing, seier Menes.

I VisitSognefjord håpar Ståle Brandshaug at Fjord1 vil lytte – og gå i dialog med næringa.

– Det er viktig at Fjord1 ser si rolle som ein viktig bidragsytar i forhold til desse operatørane ved å legge til rette ei best mogeleg løysing både i år og i forhold til ei endring inn mot neste år.

– Finst gode ordningar

Driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau, står fast på vedtaket. Han håpar dialogmøtet kan skape forståing for endringa dei har gjort.

Stian Hårklau Fjord1

STÅR FAST: Fjord1 har allereie gode betalingsordningar, seier driftsdirektør Stian Hårklau.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi ser ikkje at det skal vere noko dramatisk vi har gjort. For her er gode ordningar som vil gje kundar å bruke storbrukarkort som vil gje auka rabatt for kundar samtidig som dei får betaling på etterskot. Så det verkar som saka er noko overdramatisert, seier Hårklau.