Hopp til innhold

Vil fjerne 70.000 pillebrukarar frå vegane

Rundt 70.000 personar som går på sterke medisinar kan misse retten til å køyre bil.

Bil

KAN BLI ULOVLEG: Personar som går på visse medikament kan misse retten til å køyre bil.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Årsaka er at Helsedirektoratet strammar kraftig inn på regelverket og vil gjere det ulovleg å køyre bil når ein går på visse medikament.

Assisterende fylkeslege Jacob Andersen i Sogn og Fjordane seier dei i dag gir dispensasjon til ein del menneske som går på slike stoff.

Jacob Andersen

- POSITIVT: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Dersom framlegget blir vedteke vil det bety at personar som i dag brukar vanedannande medikament i stort omfang ikkje kan få dispensasjon til å køyre.

Det er seks typar roande middel og sovemedisin som det kan bli ulovleg å køyre bil med dersom dei nye reglane til Helsedirektoratet blir vedtekne. Mellom stoffa er Valium og Rivotril, som mange går på. (Sjå elles faktaboks).

– Tilsvarar 1 promille alkohol

I Sogn og Fjordane er det rekna med at det er i underkant av 1900 personar som no risikerer å misse førarretten. I dag får dei fleste av dei dispensasjon frå Fylkesmannen til å køyre bil, nokon av dei tek svært høge dosar, seier Andersen.

– I nokre tilfelle kan det vere tale om personar som køyrer rundt med ein påverknad som tilsvarar ein alkoholpromille på godt over 1.

Dette skal det no altså bli slutt på. Retningslinjene skal bli strengare, og det skal brukast mindre skjønn. Det betyr at rundt 70.000 pasientar eller psykisk sjuke kan misse retten til å køyre bil.

– Det vil sjølvsagt råke ein del personar, men eg trur det vil vere positivt at det blir klart kva som er lovleg og kva som ikkje er lovleg, og at det blir vanskeleg å få dispensasjon.

Dagfinn Bjørgen

- STENGER FOLK UTE: Leiar Dagfinn Bjørgen i Mental Helse.

Foto: Mental Helse

– Utestengde

Ein del roande middel, som Sobril og Imovane, vil framleis vere lovleg. Men regelendringane vil føre til at mange med psykiske lidingar vil få langt dårlegare livskvalitet, seier Dagfinn Bjørgen, som er landsleiar i Mental Helse.

– Det betyr for mange at dei blir meir einsame, at dei ikkje greier å halde på jobben sin, dei risikerer å bli utestengde frå ein del av samfunnet.