Hopp til innhold

Vil ha ulik årsavgift i bygd og by

SV går no inn for at dei som bur på bygda skal betale mindre i årsavgift på bil enn dei som bur i byane. Lite gjennomtenkt, meiner Knut Arild Hareide (KrF).

Trafikk på E39 i Gaular og trafikk i morgonrushet i Oslo

ULIK AVGIFT: SV meiner folk i distrikta skal få betale billegare årsavgift på bil enn dei som bur i byane og har betre kollektivtilbod.

Foto: Montasje: NRK/Ottar Starheim/Scanpix/Heiko Junge

Som ein del av prosessen for å satse meir på kollektivtrafikk i byane føreslår SV no å innføre ulik årsavgift på bil i by og distrikt.

Vibeke Johnsen i Sogn og Fjordane SV meiner det er naturleg å sjå nærare på eit slikt alternativ.

– Det vi vil få utgreidd er ei differensiering, altså ei ulik årsavgift på bil for by og distrikt. Dette er knytt opp mot tilgangen til kollektivtransporten og andre alternativ, seier ho til NRK.no.

Billegare for dei som «må» bruke bilen

Vibeke Johnsen

VIL HA UTGREIING: Vibeke Johnsen blir truleg SV sin stortingskandidat for Sogn og Fjordane til valet i haust.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Slik det er i dag betalar folk like mykje i bilavgift, uansett om dei bur på bygda eller i byen. Har du ein vanleg bil under 7500 kilo må du ut med 2940 kroner, medan ein personbil med diesel som manglar fabrikkmontert partikkelfilter kostar deg 3425 kroner.

Men får SV det som dei vil kan det i framtida bli slik at folk som bur i distrikta slepp billegare unna. Vibeke Johnsen blir truleg stortingskandidat for Sogn og Fjordane SV til valet i haust.

SV-politikaren meiner det til dømes i Sogn og Fjordane er område der kollektivtilbodet ikkje er godt nok, og at det må få følgjer.

Mange har ikkje noko anna alternativ enn å nytte bilen, og difor bør ein ha ulik årsavgift på bil. Dyrare i byane der kollektivtilbodet er betre og billegare i distrikta der kollektivtilbodet er dårlegare.

– Norge er eit langt og landstrakt land med store avstandar. Nokon plassar bur folk tett og andre plassar ikkje. Det må vi ta omsyn til når vi skal lage ein samferdslepolitikk som skal passe for heile landet, seier Johnsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut arild Hareide

JUBLAR IKKJE: Knut Arild Hareide applauderer ikkje forslaget frå SV om ulik årsavgift på bil i bygd og by.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Har ikkje trua på forslaget

KrF-leiar Knut Arild Hareide som er leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget er ikkje imponert over forslaget.

– Eg forstår intensjonen i SV sitt forslag, om at det skal vere dyrare å køyre bil der ein har gode alternativ. Men samtidig synest eg ikkje dette forslaget verkar gjennomtenkt, seier han til NRK.no.

– Eg trur ikkje ei differensiering av årsavgifta mellom distrikt og by er det mest treffsikre verkemiddelet, seier han.

Samferdslepolitikaren meiner samtidig det er bra at SV tek til orde for å betre kollektivtrafikken.

– Men eg synest det er rart at dei ikkje har brukt dei sju åra dei har vore i regjering til å kome med konkrete forslag og få gjort noko med det medan dei sit i regjering, seier Hareide.