Hopp til innhold

Vil ha rovdyrmøte med ministeren

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner det hastar med å sette i gang tiltak for å redusere skadeomfanget rovdyr påfører beitedyr i fylket. Ho har difor bede om eit møte med Klima- og miljøminister Tine Sundtoft, for å diskutere tiltak.

Montasje, Tine Sundtoft og Åshild Kjelsnes

UROA OVER ROVDYRSKADAR: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vil ha møte med Klima- og miljøminister Tine Sundtoft for å diskutere tiltak mot rovdyrskadar.

Foto: Montasje: Jon Olav Nesvold NTB/Scanpix/Arne Stubhaug NRK

– Eg synest denne sommaren vi har vore gjennom syner kor stort rovdyrproblemet er for vårt fylke, som jo ligg i region 1, der beitedyr skal ha prioritet.

Fleire hundre sauer kan i sommar ha blitt offer for rovdyr på beite. Verst har det vore i fjella mellom Årdal og Lærdal der over 100 dyr er stadfesta tekne av jerv.

Saueeigarane reknar med at så mykje som 400 sauer og lam kan vere tekne av jerv i Indre Sogn i sommar.

(Saka held fram under biletet)

Sau drepen av jerv i Luster

TATT AV JERV: Også i Luster Luster har jerven vore på ferde i saueflokkane i sommar.

Foto: Statens Naturoppsyn

I Sunnfjord har eit anna rovdyr vore på ferde. Analysar som Rovdata har gjort syner at ein svensk hannulv har tatt minst 11 sauer. 400 kilometer frå Kläggen i Värmland for å kome til Naustdal.

– Det er vanleg at fleire unge ulvar trekker frå Sverige mot Norge, seier Morten Kjørstad som er leiar for Rovdata.

Ulv eller hund

KOM FRÅ SVERIGE: Ulven som har tatt minst 11 sauer i Naustdal har kome frå Sverige.

Foto: Ann Elen Endestad

Kjørstad seier det er vanskeleg å seie om ulven kan kome til å slå seg ned i Naustdalsområdet

Til no er altså 11 sauer stadfesta drepne av ulv i Naustdal, men sauebøndene meiner den kan vere snakk om så mange som 100.

Buffersone

I Indre Sogn har fleire teke til orde for å få ei buffersone austover mot region 2, der det skal vere yngleområde for jerv. Det er eit av tiltaka som Kjelsnes ynskjer å ta opp med ministeren.

Åshild Kjelsnes

VIL HA MØTE MED MINISTEREN: Fylkesordførar Åshild Kjelnes.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Eit tiltak som eg meiner kan vere aktuelt ut ifrå det som eg får opplyst, det er jo at ein flytter grensene for kvar jerv kan yngle i region 2, som vi grensar mot. I dag føl det eigentleg fylkesgrensa, men dei er ikkje rovdyra så opptekne av.

Kjelsnes meiner situasjonen slik den er i dag ikkje er til å leve med og at det difor hastar med å sette i verk tiltak.

– Andre aktuelle tiltak kan vere meir effektiv organisering og førebuinga av jakta, og at det blir opna for jakt på eit tidspunkt om hausten når det er mogleg å drive sporjakt.