Hopp til innhold

Vil ha norsk toppsjef med god kunnskap om bransjen

Den nye toppsjefen i Hydro må vere norsk og jobbe for ei vidare satsing på aluminiumsindustrien i Sogn og Fjordane, det meiner styremedlem i Hydro, Billy Fredagsvik.

Billy Fredagsvik.

HAR GOD KANDIDATAR: Styremedlem i Hydro, Billy Fredagsvik, meiner det er gode kandidatar i det norske systemet.

Foto: NRK

Tidlegare denne veka vart det kjend at Svein Richard Brandzæg trekkjer seg som konserndirektør i Hydro for å bli ny konsernsjef i gjødselselskapet Yara. Brandtzæg har vore konsernsjef i selskapet sidan 2009.

Fredagsvik meiner at den nye direktøren må jobbe for ei vidare satsing på aluminiumsindustrien i Sogn.

– Vi er no mest opptatt av å finne ein etterfølgjer som har den same retninga som Brandzæg har lagt opp til, nemleg å satse på dei norske verka, seier Fredagsvik som kjem frå industribygda Høyanger.

Må kjenne bransjen

Nyheita om at Richard Brandzæg trekkjer seg som konserndirektør i Hydro kom overraskande. Han byrjar i den nye jobben seinast 1. februar 2015. Brandzæg har markert seg som ein forkjempar for ei langsiktig satsing på aluminiumsindustrien på Vestlandet.

Fredagsvik meiner det er viktig at den nye toppsjefen kjenner bransjen og har norsk bakgrunn.

– Det er klart det er viktig for oss å få ein norsk toppkandidat, men det må samstundes vere ein god kandidat. Det meiner eg vi har i det norske systemet, seier han.

Satsing på Vestlandet

Hilmar Høl

VIKTIG FOR SOGN OG FJORDANE: Hilmar Høl meiner den nye toppsjefen må legge til rette for ei satsing i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Aluminiumsindustrien omset åleine for kring seks milliardar kroner årleg berre i Sogn og Fjordane. Leiar i næringsutvalet i fylkeskommunen og leiar i Sogn og Fjordane arbeidarparti, Hilmar Høl, er klar på at kven som blir ny toppsjef i Hydro er viktig for utviklinga av denne viktige næringa.

– Det er utruleg viktig for Sogn og Fjordane at vi kan få nokre rammer rundt den industrien vi har her i fylket vårt. Slik at vi kan legge til grunn ei satsing, og at ein faktisk vil etablere seg vidare, og ikkje minst utvikle dei anlegga vi har, seier han.

Styret i Hydro set no i gong eit omfattande arbeid med å finne ein ny toppsjef. Billy Fredagsvik er klar på at den nye konserndirektøren må ha ei tydleg haldning til kva som skal skje med den landbaserte industrien på Vestlandet.

– Når vi ser på dei rammebetingelsane vi har i Noreg så er dei faktisk av dei beste i verda. Vi ser at kraftprisane i Noreg og Norden går nedover og Hydro si leiing og styre har sagt at Noreg er eit veldig aktuelt land å halde fram å produsere aluminium i, seier han.