Hopp til innhold

Verdsarvrådet vil ha slutt på kloakk rett i turistfjordane

Verdsarvrådet ønskjer eit møte med fleire aktørar om kloakkutslepp frå ferjer og båtar i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Quiz, februar 2019

IKKJE BERRE IDYLL: Nærøyfjorden er ein idyll, men årleg vert rundt 80 billass med kloakk vert årleg slept ut i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden frå turistbåtar.

Foto: Heidi Fagna / NRK

– Vi har blitt einige om at vi skal be om eit møte der vi vil sjå på kva løysingar ein kan finne på dette problemet, kva som er realistisk og kva som kan gjennomførast på kort sikt. Det seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune og leiar i Verdsarvrådet.

NRK har tidlegare fortalt om turistferjer og andre lokale turistbåtar som tømmer store mengder kloakk rett ut i både Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Fjordar som står på UNESCO si verdsarvliste.

Ei kartlegging gjort for Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap viser at båtane tømmer til saman minst 80 lastebillass med kloakk ut desse fjordane i løpet av ein sommar.

– Uakseptabelt utslepp

No ønskjer Verdsarvrådet eit møte med Miljøverndepartementet, Miljødirektoratet, Fjord1 og fylkeskommunane i både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det var på eit møte i går at temaet vart diskutert.

– Det å akseptere ei slik form for kloakkutslepp, det ser eg på som nesten utenkjeleg. Å sleppe ureinsa kloakk rett i fjorden er i realiteten ikkje akseptabelt i forhold til dei verdiane som verdsarven byggjer på, seier Tryggestad.

(Saka held fram under biletet)

Geiranger

KLOAKK RETT I FJORDEN: Geirangerfjorden i Møre og Romsdal er ein av fjordane som får kloakk frå turistbåtar rett i fjorden. Det skal det bli slutt på.

Foto: Løken, Bård / Samfoto

Han seier at målet er å sikre fjordane ei betre løysing når det gjeld ferdsel med båtar og andre som måtte bruke fjorden.

Miljøverndepartementet har sagt at det er opp til kommunane å rydde opp i problematikken.

Maktar ikkje å rydde opp sjølve

Noralv Distad er ordførar i Aurland der Nærøyfjorden ligg. Saman med Jan Ove Tryggestad som er ordførar i Stranda kommune, sit dei begge to i Verdsarvrådet.

Dei to ordførarane meiner det er vanskeleg å rydde opp sjølve når regelverket er utydeleg.

– Vi møter eit regelverk som er knytt til både forureining og andre lovverk og føringar som er lagt i denne saka.

– Det er difor vi no ber om eit møte med dei råka partane for å sjå om vi kan finne fornuftige løysingar som ikkje tar knekken på kommuneøkonomien, men først og fremst varetar miljøet sine behov.

Vil unngå ballkasting

Med eit slikt møte håpar dei på å få klarlagt vegen vidare.

– Vi vil unngå ballkasting. Noko må skje. No må vi sette oss ned og vert einige om vegen vidare og finn konstruktive løysingar.

– Vi veit at nye miljøkrav til ferjene og nye krav til kommunane kan vere med på å løyse dette, men det er ingen som greier dette åleine. Difor er det viktig med eit felles møte, understrekar Tryggestad.

(Saka held fram under biletet)

Geiranger

KLOAKK RETT I FJORDEN: Geirangerfjorden i Møre og Romsdal er ein av fjordane som får kloakk frå turistbåtar rett i fjorden. Det skal det bli slutt på.

Foto: Løken, Bård / Samfoto

Viktig å kome i gong

Ei løysing kan tidlegast kome i 2015. Tryggestad trur at dersom ein tenkjer på utviklinga av meir teknologi og miljøteknologi på båtane må ein sjå på eit enda lengre perspektiv.

– Men det viktigaste er at vi kjem i gong.

Han seier rådet har sett på dette med uro.

– Ein kan sikkert diskutere storleiken på omfanget og forureininga, men det som vi ikkje kan diskutere oss vekk ifrå er at det også handlar om omdøme verdiar og korleis vi vil bli oppfatta utanfor vår eiga kommunegrense.

Dei råka kommunane, Stranda og Aurland, som i utgangspunktet er ansvarleg for regimet knytt til kloakk, må stille opp med eit mottaksapparat dersom ein skal handtere dette på ein forsvarleg og fornuftig måte, meiner ordførarane.

– Det er litt av problemet. Vi er ikkje rusta i desse kommunane for den type tenking og difor har ein akseptert at kloakken frå desse ferjene går i realiteten rett i fjorden.

– Verdsarven er utruleg verdifull

Tryggestad meiner at verdsarven er verdifull og at den har blitt til gjennom naturen sine eigne utviklingar, men også gjennom dei menneskeskapte effektane med at folk har bygd og utvikla grender og fjellgardar.

– Det å ta med seg det naturlege perspektivet og ikkje minst verneperspektivet i ein slik samanheng, det er heilt avgjerande, seier Tryggestad.