Hopp til innhold

Vil ha meir midtstripe i Gulen

– Dette berre viser at det er ikkje fullgode omkøyringsalternativ i Gulen, resignerer Bjarte Undertun i Gulen Venstre etter at både E39 og Fylkesveg 5 er stengde gjennom kommunen.

Stengde vegar i Gulen

Sidan E39 er stengd i Romarheimsdalen, har mange nytta fylkesveg 5 som omkøyringsveg.

Frå seint i ettermiddag har også denne vegen vore stengd grunna bilberging.

– Går vi inn i onsdagen, og E39 framleis er stengd, så er vi på fjerde dagen. Vi ser at det finnast ikkje fullgode omkøyringsalternativ til E39, seier leiar i Gulen Venstre, Bjarte Undertun.

Toler ikkje tungtrafikk

Bjarte Undertun, leiar i Gulen Venstre

BEHOV: Bjarte Undertun (V) meiner tida er overmoden for at Gulen kan få skikkeleg veg gjennom kommunen, utanom E39. – Då dei i haust byrja på reparasjon på Undertunnelen så er eigentleg første gong at bussane og større køyretøy kan køyre frå nord til sør i kommunen vår, seier han.

Foto: Venstre

Fylkesveg 5 fører reisande frå ferjesambandet Leirvåg – Sløvåg til Kringla og inn att på E39. Med denne vegen stengd, er fylkesveg 57 mellom Sløvåg og Rutledal tilrådde omkøyringsveg i kommunen.

Vegtrafikksentralen oppmodar alle større køyretøy, som har moglegheit til det, om å køyre E16 som går i Indre Sogn. Undertun vil ikkje kritisere det rådet. For det er det beste rådet slik vegstandarden er i Gulen.

– For den tyngste trafikken, så er dette einaste alternativet. Vegane her ute toler ikkje den tyngste trafikken, og det er kanskje det vi ser resultatet av med dei uhella vi har no, seier han.

Fullgod veg

Ein alvorstynga Arnstein Menes som settefylkesordførar

UTVALSLEIAR: Arnstein Menes (til høgre) i Senterpartiet leiar Samferdsleutvalet i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Venstreleiaren minner om at den einaste gule midtstripa vegfarande ser i kommunen, er den som er på E39.

– Vi manglar ein fullgod veg gjennom kommunen vår, slår han fast. Leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes (Sp) kan ikkje gi meir enn trøystande ord.

– Eg har stor forståing for at det kan skape vanskar for reisande og næringsliv. Og dette viser kor sårbart vegnettet er når det kjem ekstra trafikk på, seier han.

Må prioritere

Behovet for utbetring og vegbygging viser seg langt større enn det den slunkne fylkeskommunale lommeboka toler.

– Ein må prioritere dei mest trafikkerte, mest trafikkfarlege og nedslitne vegane, seier Menes.

– No verkar det som om det blir sett inn ekstra press på å få utbetra og meir rassikker E39. Eg tru det er den beste løysinga, seier han.

– Kan skje igjen

Undertun fryktar at dei smale og svingete fylkesvegane i kommunen igjen må bli omkøyringsveg.

– Eit ras kan skje igjen, og dersom Lavik – Oppedal får problem, så må trafikken ut på Rutledal og gjennom Gulen. Der er det ein 33 kilometer lang veg frå Sognefjorden til Fensfjorden, utan gul midtstripe, seier han og avsluttar:

– Inntil nyleg var det nærast umogleg for store køyretøy å køyre den strekkja. No har ein starta på utbetring av tre tunnelar. Vi ser på det som eit positivt første steg mot utbetring av heile vegen.