Hopp til innhold

Vil ha med seg ein trepoengar inn i ferien

Sogndal har ikkje vunne på heimebane sidan starten av april. I dag håpar dei marginane kan bikke deira veg i kampen mot Lillestrøm.

Espen Hoff

KLAR FOR Å SNU TRENDEN: I førre kamp mot Start enda tomålsleiinga til Sogndal med uavgjort. Det håpar spelarane å unngå mot Lillestrøm i dag.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Etter tolv kampar spelt i sesongen står Sogndal med tre sigrar, fem uavgjort og fire tap. Dei siste tre kampane har enda uavgjort for Sogndal, og dei har ikkje vunne på heimebane sidan 8. april.

Visekaptein Bjørn Inge Utvik er gira på å dra ein siger i land i dag.

– Eg trur vi har gode sjansar til det. Vi har spelt bra og hatt gode prestasjonar, men ikkje heilt fått utteljinga i poeng som vi ønskjer. Vi har både vore uheldige og udyktige, men eg har stor tru på at det kan kome skikkeleg ut i dag, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Ein månad til neste kamp

Søndag tek dei imot Lillestrøm på Fosshaugane i sesongens siste kamp før ferien. Også trenar Eirik Bakke er gira på å bryte rekkja av uavgjorte kampar. Sjølv om det ikkje har vore mange sigrar har dei vore vanskelege å slå, seier trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke etter kampen

VIL HA TRE POENG: Trenar Eirik Bakke.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Folk fryktar å kome hit, og det må vi med oss på bana. Eg håpar vi går ut med tre poeng før ferien. Det er ein månad til neste kamp, så det er ingen kamp i neste veke å snu det på, seier han.

I fleire av uavgjort-kampane har Sogndal teke leiinga, men ikkje klart å halde på den heilt inn. Seinast i kampen mot Start førre helg rota dei vekk ei tomålsleiing.

– Det er mange kampar der vi har sleppt dei inn att. Vi må vere gode i 90 minutt skal vi vinne. Men vi har vore godt med i kvar kamp, og vi får håpe marginane kan bikke vår veg i dag, seier Bakke.

Sogndal har ikkje slått Lillestrøm på dei siste fire kampane laga har møttest.

– Det er eit godt lag, men det er som med alle andre kampar, vi bryr oss ikkje kven vi møter. Vi ser sjølvsagt på styrker og svakheiter, men vi gjer det som er best for laget vårt, seier Bakke.

Kan få gjev pris

For visekaptein Utvik er dette også dagen då det blir avgjort om han vinn den første delfinalen i Statoil, TV2 og Norges Fotballforbund si kåring av årets fotballtalent. Sjølv er han ikkje så oppteken av kven folket stemmer fram, men er glad for å ha blitt nominert.

Bjørn Inge Utvik

NOMINERT TIL PRIS: Bjørn Inge Utvik har blitt lagt merke til for sitt spel både i Sogndal og på U21-landslaget.

Foto: Fredrik Ahlsen

– Det viser at det arbeidet eg legg ned er meir enn godt nok, og det gir meir motivasjon til å stå på vidare, seier han.

Men pris eller ikkje, Utvik har planar om å gjere sitt på bana i dag.

– Eg trur det skal bli ein bra kamp og håpar det kjem mykje folk og hjelper oss fram til tre poeng.

Laster innhold, vennligst vent..