Jerv - FLYTTE: Jerven skal ikkje yngle i Sogn og Fjordane, men tillaten yngling i vestlege delar av nabofylket Oppland gjer avstanden til sauene i Indre Sogn svært kort for rovdyret. - Foto: Olav Åsland, Dyreparken /

FLYTTE: Jerven skal ikkje yngle i Sogn og Fjordane, men tillaten yngling i vestlege delar av nabofylket Oppland gjer avstanden til sauene i Indre Sogn svært kort for rovdyret.

Foto: Olav Åsland, Dyreparken

Vil ha jerven vekk frå fylkesgrensa

Fylkesutvalet meiner dagens ynglesone for jerv bryt med rovdyrforliket til Stortinget. No ber dei Miljøverndepartementet flytte ynglesona.

Slik det er i dag gjer rovdyret stor skade i sauer i beiteområde som grensar opp til Oppland .

Per Rune Vereide og Jenny Følling - ENDRING: Jenny Følling (t.h.) og Fylkesutvalet vil flytte grensa for jerveyngling. - Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

ENDRING: Jenny Følling (t.h.) og Fylkesutvalet vil flytte grensa for jerveyngling.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fylkesutvalet ber Miljøverndepartementet gripe inn og flytte ynglesona for jerv aust for Ottadalføret.

– Sogn og Fjordane skal ha beiteprioritet for sau og husdyr. Når ein då legg grensa for ynglande jerv heilt inn til fylkesgrensa, på høgfjellet der det ikkje er andre naturlege avgrensingar, så meiner vi at det bryt det prinsippet om at det kan vere beiteprioritet i området vårt, seier gruppeleiar for Sp, Jenny Følling.

Naturleg skilje

Seinast i førre veke vart ein ung hannjerv skoten i Mørkridsdalen i Luster . Direktoratet for Naturforvaltning har gjeve løyve til å felle to jervar i Indre Sogn denne våren.

Regional rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn, Rein Arne Golf, seier det er større jerveaktivitet i distriktet i år enn i fjor. Fylkesutvalet meiner forvaltningsplanen for rovvilt i Oppland undergrev Stortinget sitt rovdyrforlik.

– Vi klarer ikkje å oppfylle rovdyrforliket med det grepet som er gjort. Vi føreslår å flytte grensa til Ottadalen – eit naturleg vassfar og skilje, seier Følling.

Nøgde bønder i Luster

Nye tal frå Rovdata viser at det var langt fleire jervekull enn det som gjennom rovdyrforliket er ei målsetjing om 39 jervekull. I fjor vart det registrert 58.

Arne Rebni Øvreås, leiar for sankelaga i Luster, er glad for at fylkesutvalet engasjerer seg i saka.

– Ja, vi har heile tida hevda at skal du ha ei ordentleg grense mellom dei to regionane, så må den følgje Ottadalen. For den fungerer som grense for jerven, seier Rebni Øvreås.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Created by InfoDispatcher
Streiken fører til heimeskule
Terje Rognsø, Knut Erik Folland og Eirik Bakke er mellom gjestene Kjell Arvid Stølen har i den tredje utgåva av Fotballstudio.