Hopp til innhold

Færre vel yrkesfag – NHO-direktøren fryktar det blir mangel på praktisk kompetanse

Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO er redd søkjartala til dei vidaregåande skulane betyr at vi i framtida vil mangle folk med praktisk utdanning - samtidig som akademikarar vil mangle arbeid.

Jan Atle Stang

UROA FOR FRAMTIDA: - Vi kan ikkje basere oss på at alt praktisk arbeid skal utførast av utlendingar og at vi sjølv skal sitje på kontor og vere akademikarar, seier NHO-direktør Jan Atle Stang.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I dag blei primærsøkartala for vidaregåande opplæring klare. Dei viser at fleire har valt studiespesialisering, medan det har vore ein nedgang i søkjarar til dei yrkesfaglege linjene.

NHO-direktør Jan Atle Stang i Sogn og Fjordane meiner dette er uheldig, og at det er eit paradoks at studiespesialiserande linjer har flest søkjarar.

– Det er uheldig slik eg ser det Vi veit det er stor etterspurnad etter elevar med yrkesfag. Det er også eit paradoks når vi ser oppslag i Bergens Tidende med elevar som hadde gått på studiespesialiserande linje, og som fann ut at dei hadde valt feil, seier han.

Angrar på skulevalet sitt

Ved Hafstad vidaregåande skule møter NRK to elevar som ikkje er sikre på at dei har valt rett. Helge Tefre synest han har gjort eit dårleg val, og at han heller burde ha gått yrkesfag.

– Eg valde Hafstad fordi eg der og då tenkte det var lurt. Men no angrar eg, for det er mykje skulearbeid.

Heller ikkje Andreas Øvrestrand er sikker på om han har valt rett retning. Han hadde i utgangspunktet tenkt å gå elektrolinja.

– Eg tenkte at om eg valde studiespesialisering, hadde eg fleire moglegheiter når eg var ferdig med vidaregåande skule. Eg ville ikkje låse meg til eit yrke, men no veit eg faktisk ikkje kva eg skal utdanne meg til, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Andreas Øvrestrand, Helge Tefre og Åse-Linn Hollevik

GÅR PÅ HAFSTAD: Andreas Øvrestrand, Helge Tefre og Åse-Linn Hollevik er elevar ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Dei to gutane angrar litt på valet sitt.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Flest søkjarar til Hafstad

Når det gjeld søkjarar til opplæring i bedrift, er det auka søking til tømrarfaget, helsearbeidarfaget, energimontørfaget og bilfaget, lette og tunge køyretøy. Det er nedgang i søkinga til elektrikarfaget, dataelektronikarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Totalt har 4699 personar søkt vidaregåande opplæring i skule og bedrift, ein nedgang på 148 frå i fjor.

Flest elevar i fylket ynskjer å gå på Hafstad vidaregåande skule. Det syner primærsøkjartala som kom i dag. 576 elevar har søkt seg til 540 ledige plassar.

Lokka av mange moglegheiter

Vilde Hystad

LIKAR SEG: Vilde Hystad angrar ikkje på at ho valde studiespesialiserande linje.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Vilde Hystad er elev ved Hafstad vidaregåande skule, og har valt studiespesialiserande fordi ho var usikker på kva ho ville.

– Denne retninga gir deg alle moglegheiter, og du får velje mange forskjellige fag. Eg skal vidare på tredjeklasse på Hafstad til hausten. Miljøet her er supert og det same er lærarane.

– Tal på søkjarar til yrkesretta fag går ned. Kva tenkjer du om det?

– Det er forståeleg, for når folk går yrkesfag går mange påbygg etterpå. Det er eit år der dei skal lære alt vi lærer på eitt år. Det blir ofte for tungt for mange.

– Stort behov for yrkesfaga

NHO-direktør Jan Atle Stang har ikkje eksakte tal på kor mykje arbeidskraft Sogn og Fjordane har behov for med tanke på elevar som vel yrkesfag og deretter går i lære.

– Men vi veit det er eit stort behov for yrkesfagleg kompetanse i næringslivet i fylket. Difor har NHO vore ein aktiv pådrivar for å få opp statusen på yrkesfaga. Vi må snakke om at det er i yrkesfag arbeidsplassane ligg i framtida, seier han.

Treng hjelp frå foreldre og rådgjevarane

NHO-direktøren seier dei åleine ikkje kan gjere denne jobben. Også ungdomsskulen og foreldre må inn og fortelje om moglegheitene.

– Det har vore ein tendens til å tru at om dei ikkje tek studiespesialiserande og blir akademikar, då kjem du ingen veg her i samfunnet. Det er feil, og dette kjem vi til å få merke. Eg er redd vi får mangel på praktikarar og for mange akademikarar, seir Stang.

– Er det vanskeleg å nå fram med bodskapen til den yngre garde?

– Ja, ikkje minst fordi ein heile tida snakkar om kor viktig det er med akademisk utdanning. Hugs at sjølv om du tek yrkesfagleg utdanning, er det enormt mange moglegheiter for å gå vidare å byggje på utdanninga.

– Alle kan ikkje sitje på kontor

Stang seier det er viktig å få ut korleis arbeidsmarknaden ser ut og kjem til å bli. Han seier alle kan ikkje bli akademikarar når samfunnet og næringslivet skrik etter praktikarar.

– Vi kan ikkje basere oss på at alt praktisk arbeid skal utførast av utlendingar og at vi sjølv skal sitje på kontor og vere akademikarar, seier Stang.