Hopp til innhold

Vil ha eige politihelikopter i Sogn og Fjordane

Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane vil ha eit eige politihelikopter i fylket.

Politihelikopter. Illustrasjonsbilde.

HELIKOPTER: Eit eige helikopter vil gjere at politiet i Sogn og Fjordane raskare kan få folk på plass når noko skjer, seier Kjetil Drange.

Foto: Kleiven, Paul / SCANPIX

Trippeldrapet på Valdreseksrepssen i Årdal for to veker sidan har reist ein debatt om beredskapen til politiet, og behovet for helikopterhjelp.

Kjetil Drange som er leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane seier eit eige politihelikopter ville vore ein stor fordel.

– Hadde vi hatt eit politihelikopter ville vi kunne ha flytta ressursar og personell hurtigare enn det vi kan når vi skal køyre.

– Vi har eit utfordrande fylke, så luftvegen vil vere raskare, seier Drange til NRK.no.

Har responstid på 45 minutt

Sogn og Fjordane er nærare 19.000 kvadratkilometer stort, noko i underkant av halvparten av arealet til Danmark.

Med stadig meir sårbar bemanning ute i lensmannsdistrikta, viser studiar at politiet si responstid i fylket er på heile 45 minutt, den nest lengste i heile landet. Politiet i Oslo brukar til dømes berre 23 minutt på å rykkje ut.

Då ein mann gjekk laus på bussjåføren og passasjerane på Valdresekspressen i Årdal med kniv, tok det i overkant av ein time før politiet kom fram. Den eine patruljen sitt vegval har vore diskutert.

I si orientering til Justis- og beredskapsdepartementet skildrar politiet i Sogn og Fjordane hendingsgangen etter drapa i Årdal. Der skriv politimeister Ronny Iden at tilsvarande responstid som i Årdal-saka, vil kunne skje igjen med den bemanninga politidistriktet har til disposisjon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjetil Drange

IKKJE SOM ERSTATNING: Kjetil Drange understrekar at eit politihelikopter ikkje vil kunne erstatte eit desentralisert politi, men politifolk ute i kommunane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Har forståing for innspelet

Anders B. Werp, er nestleiar i Stortinget sin justiskomite for Høgre. Han forstår at politiet i Sogn og Fjordane ønskjer sitt eige helikopter.

– Eg har full forståing for det innspelet.

– Vi skal sjå på alle moglegheiter for å auke politiets mobilitet og tilgjengelegheit for alle delar av landet, også i distrikta, seier Werp.

– Helikopter kan ikkje erstatte lokalt politi

Det finst politihelikopter i Oslo, men då beredskapstroppen skulle rykke ut i samband med drapa i Årdal kunne ikkje helikopter lette på grunn av tett tåke på Austlandet.

Sjølv om Drange ønskjer politihelikopter, poengterer han at det ikkje kan erstatte det lokale politiet ute i distrikta.

– Erstattar vi ein desentralisert politistyrke med helikopter vil vi distansere oss frå det vi er meint å tene, nemleg publikum, seier han.

Werp likar tanken om eit eige helikopter i fylket, men kan ikkje love at Høgre vil støtte ei slik løysing.

– Vi kan ikkje love noko før vi har saka på bordet og ser dette i ein heilskap, seier han.