Hopp til innhold

Regjeringa kan kome til å gå for bru i indre - desse to vil ha bru Anda-Lote, uansett

Kommunane Gloppen og Eid vil uansett jobbe vidare for ei bru mellom Anda og Lote, sjølv om regjeringa skulle gå for indre E39.

Bjørlo og Ryssdal

STÅR SAMAN: Ordførarane i Eid og Gloppen, Anders Bjørlo og Anders Ryssdal, vil ha bru Anda-Lote uansett.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Regjeringa skal snart avgjere striden om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord i framtida, og det er knytt stor spenning til om valet fell på midtre linje via Anda-Lote eller indre linje via Stryn.

Men i Nordfjord har kommunane Eid og Gloppen ikkje lege på latsida. Nyleg løyvde kommunane 600.000 kroner og bestilte eit konsulentselskap for å lage kommunedelplan for fjordkryssing.

Senterpartiordførar Anders Ryssdal i Gloppen seier brua mellom Anda-Lote må kome, uansett.

– Dette er eit ferjeavløysingsprosjekt, og uansett er det vel slik at der det går ferje i dag vil det ein gong gå bru, seier Ryssdal til NRK.no.

Avviser taktisk spel

Diskusjonen om kvar E39 i framtida skal krysse Nordfjorden har lenge vore brennheit i Sogn og Fjordane. Kommunane Eid og Gloppen vil ha bru mellom Lote og Anda, og har ingen planar om å gje seg.

Regjeringa skal snart bestemme seg for den nye E39-traseen, men når avgjerda kjem i løpet av våren kan dei kome til å velje indre trase med bru i Stryn.

Lenger ute i fjorden har kommunane Eid og Gloppen lagt hundrevis av tusen kroner i potten for å få på plass ein eigen kommunedelplan, slik har dei sett i gang ei detaljplanlegging av bru Anda-Lote.

Venstreordførar Alfred Bjørlo i Eid avviser at løyvingane er eit taktisk spel som er ein del av ein omkamp, om dei skulle tape striden om E39.

– Det er vel berre i Nordfjord at nokon har fått den vanvettige ideen om at i staden for å byggje ei bru der det i dag går tre ferjer over fjorden, så skal ein byggje ei bru på ein fjerde plass, som ikkje vil erstatte nokon av dei ferjene som går i dag.

Denne ideen ville dei fleste andre stader i landet vore heilt absurd, så vi kan ikkje basere framtida på det her i Nordfjord, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under)

Anda-Lote

MIDTRE: Løysinga med bru over Nordfjorden via Anda-Lote, der det i dag går ferje, er den einaste fornuftige meiner ordførarane i Eid og Gloppen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Fornuftig at dei jobbar med det

Eid-ordføraren viser til at Frp sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, i valkampen sa at det kan kome både to og tre bruer over Nordfjorden.

Og Djuvik, som vil ha bru i indre Nordfjord og yttarst ved kysten, står framleis på at bru Anda-Lote i tillegg ikkje nødvendigvis treng vere urealistisk, sjølv om traseen for E39 blir flytta.

– Vi veit at regjeringa jobbar med ei ordning for ferjeavløysingsmidlar som kan vere veldig gunstig for mange prosjekt i Sogn og Fjordane, inkludert kryssing Anda-Lote. Så det at kommunane jobbar med dette er for så vidt fornuftig.

– Kan dette oppfattast som at dei legg opp til omkamp?

– Det kan verke som at dei her prøver å presse fram ei avgjerd ved å bruke offentlege midlar til det. Men eg kjenner dei som sit i den politiske leiinga i samferdsledepartementet godt, og eg veit dei ikkje let seg påverke av dette i det heile teke, seier Djuvik.