Hopp til innhold

Fryktar at hus og vegar vert bygde på usikre områder

Dårleg planlegging av kommunane kan føre til at hus og vegar vert bygde på usikre område. Det seier Carlo Aall i Vestlandsforsking.

Oldedalen i Sogn og Fjordane/Carlo Aall i Vestlandsforsking

VIKTIG MED AREALPLANLEGGING: Carlo Aall trur ikkje kommunane klarar å gjere denne jobben godt nok.

Foto: Jan Helge Aalbu/Leif Magne Flemmen / NRK

Kommunane har i dag hovudansvaret for arealplanlegging og risikovurderingar når ein skal byggje nye bygningar eller vegar. Dei skal til dømes vurdere om ei ny hustomt er sikker eller om gróva ved sidan av eit byggjefelt kan utvikle seg til ei elv. Men oppgåvene kan vere vanskelege.

– Vår observasjon er at sikker arealplanlegging er ei vanskeleg oppgåve for dei små kommunane som er særleg utsette for ras, flaum og uvêr. Me trur vel eigentleg ikkje at kommunane vil klare det, seier forskingsleiar Carlo Aall i Vestlandsforsking.

I helga gjorde naturen skade på fleire eigedomar og vegar i fylket. Uvêr og ras viser kor viktig det er å vite kvar det er trygt å byggje hus og vegar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skredestranda

RIKSVEG 15: Opprydding etter raset på Skredestranda i helga.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er alvorleg dersom nokon får sett opp nye bygningar eller vegar på stadar det ikkje burde verte gjort. Dette kan gje store skader i ettertid, seier Aall.

Ei anna følgje av mangelfull arealplanlegging kan vere forsinka byggeprosjekt.

Vil gje ansvaret til fylkeskommunen

I vår kom ei offentleg utgreiing om klimatilpassing som konkluderer med at kommunane ikkje klarar jobben med arealplanlegging. I sommar viste tilsyn at ni av ti kontrollerte kommunar i fylket har mangelfull risiko- og sårbarheitsanalyse ved bygging av vegar og bygningar.

For å få ei betre og tryggare arealplanlegging meiner Carlo Aall i Vestlandsforsking at Fylkesmannen og fylkeskommunen bør få større ansvar for overordna analyseoppgåver.

– Fylkeskommunen har kapasitet og kompetanse. Dei gjer ein heltemodig innsats no for å prøve å piske kommunane til å gjere den jobben dei burde ha gjort. Dei gjev ikkje berre råd, men tilbyr seg no å gjere jobben saman med kommunane.

LES OGSÅ: 41 potensielle skredområde skal undersøkjast - kan ta mange år

Vanskeleg å skaffe fagfolk til kommunane

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand støttar Aal i at det vert stilt store krav til kommunane.

– Å drive arealplanlegging er komplisert. Me ser at ein god del av kommunane våre slit med å ha ein god nok kompetanse, og med å rekruttere fagfolk som kan drive god arealplanlegging.

Stensvand meiner likevel at dagens lovverk ikkje opnar for større innblanding frå regionale styresmakter.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

KOMPLISERT AREALPLANLEGGING: Haavard Stensvand meiner det er vanskeleg for kommunane å rekruttere fagfolk som kan drive god arealplanlegging.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Lovverket er tydeleg på at det er kommunane som er ansvarlege får å avgjere korleis dei skal bruke arealet i sin kommune.

Denne veka vert det halde ein stor areal- og klimakonferanse på Eid. Carlo Aal seier dei her forsøker å hjelpe kommunane.

– Me får kommunane til å delta på samlingane. Dei vert sendt heim med ei heimelekse, men så kjem dei tilbake forlegne og seier at dei dessverre ikkje har hatt tid til å gjere heimeleksa si.

Meiner kommunane gjer jobben best

KS-leiar Jenni Følling vil gjerne at staten skal lage kart over rasutsette områder, men meiner at kommunane kan arealplanlegging best.

Jenny Følling

JENNI FØLLING: Vil ikkje overføre ansvaret for arealplanlegging til Fylkeskommunen

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg tenker at ingen kan klare det betre enn kommunane. Er det noko ein kommune bør ha ansvar for, så er det korleis ein skal bruke arealet.

Men har kommunane i dag tilsette som kan nok om dette?

Det er ikkje sikkert at alle har nok kompetanse hjå sine tilsette. Men mange kjøper desse tenestene hjå rådgivingsfirma, som tillegg til den kompetansen dei har sjølve. Så det er mogleg for kommunane å ha den kompetansen dei treng. Det er kommunane sitt ansvar, og det må dei følgje opp.