Hopp til innhold

Kjempar for politidistrikta

FOLKETS HUS (NRK): Tidlegare polititopp Arne Johannessen er på sitt fyrste landsmøte som Ap-politikar. Han kjempar knallhardt for at partiet skal berge politidistrikta.

Arne Johannsen på talarstolen til Arbeidarpartiet

SENTRALISERINGSTYRANNI: Arne Johannesen tok i bruk harde ord og store fakter frå talarstolen, for å få med seg partiet sitt på å stoppe samanslåing av fleire politidistrikt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi må ha eit tydeleg alternativ til det blåblå sentraliseringstyranniet. Berre i Sogn og Fjordane ser vi 19 ulike prosessar med stikkorda sentralisering, omorganisering og robustheit. Politireforma er ein av desse.

Arne Johannessen tordna frå talarstolen, då han argumenterte for å berge politidistrikt frå samanslåing. I ei årrekkje var han leiar i Politiets fellesforbund. No er han ordførarkandidat i Luster, og landsmøtedelegat.

Aukande optimisme

Regjeringa har saman med Venstre føreslått at 27 politidistrikt skal bli til 12. Det har møtt massive protestar frå både politikarar og politiet. Så langt har ikkje Ap tona flagg i saka.

– Optimismen aukar for kvar time. Eg har fått veldig mykje god respons på innlegget mitt. Ingrid Heggø (stortingsrepresentant, journ. merk.) har lagt eit veldig godt grunnlag med Vestlandsalliansen i Arbeidarpartiet, seier Johannessen.

– Kanskje kan vi få eit fleirtal for det vi kallar fylkesmodell «light». Der vi i hovudsak går for eitt politidistrikt per fylke, bortsett frå dei som sjølve ønskjer å slå seg saman. Agder er eit eksempel på sistnemnde.

Harde diskusjonar

Torsdag kveld sit ein redaksjonskomite leia av Hadia Tajik, Ap sin leiar i justiskomiteen på Stortinget, og diskuterer saka. Her sit også fylkesordførar Åshild Kjelsnes i Sogn og Fjordane.

- Det går framover. Vi jobbar godt. Vi satsar på å vere ferdig til midnatt i kveld. I landsmøtet opplever eg at det er mange som er for ein fylkesmodell i ei eller anna form, seier Kjelsnes.

Etter det NRK kjenner til er det harde diskusjonar om forslaget i komiteen, utan at Kjelsnes vil seie noko om det.

– Arne Johannessen er ein person med stort truverde innanfor feltet. Eg vil tru at det har innverknad og blir lytta til.

For Johannessen er det ei oppleving i seg sjølv å delta på landsmøtet.

– Eg har vore på haugevis av landsmøter som forbundsleiar og gjest. Men det er fyrste gong som Ap-politikar. Det er moro og inspirerande. Eg elskar jo å drive med politikk.

Sogn og Fjordane-delegasjon på gongen under Ap-landsmøte

PÅ GANGEN: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane lobbyerer for at resten av landsmøtet skal vere med på å redde politidistriktet. Frå venstre ordførarkandidat i Flora Ola Teigen, fylkesordførar Åshild Kjelsnes, stortingsrepresentant Ingrid Heggø og fylkesleiar Hilmar Høl.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK