Hopp til innhold

Vil følgje etioparane nøye

Asylmottaket på Vassenden vurderer å kalle inn kommunen sitt kriseteam. Dei fryktar kva enkelte bebuarar kan finne på når dei risikerer å bli sende ut av landet etter at returavtalen med Etiopia vart gjeldande frå midnatt.

Jølster Hotell

FØLGJER MED: Leiinga ved asylmottaket på Vassenden i Jølster følgjer ekstra nøye med dei som no kan bli sende tilbake til Etiopia med tvang.

Foto: NRK

– Vi er litt redde for situasjonen. Ein del seier dei heller vil døy i Norge enn å dra attende, seier mottaksleiar Grete Apelseth til avisa Firda torsdag.

Norge har underteikna ein avtale om retur av asylsøkjarar til Etiopia, ein avtale som gjeld frå i dag. Det betyr at både barn og vaksne som har vore her i landet over lengre tid no kan bli sende tilbake til heimlandet med tvang.

På asylmottaket i Jølster bur det fleire som no truleg blir sende tilbake til Etiopia, og Apelseth seier mange er redde for kva som kan kome til å skje dei der. Asylsøkjarane som ikkje har fått opphald har til no levd i Norge utan opphaldsløyve, men når returavtalen no trer i kraft betyr det for mange slutten på livet i Norge.

Fleire seier dei fryktar dei vil bli fengsla og torturerte med ein gong dei kjem tilbake. For å vere budd på det verste seier Apelseth til Firda at dei vil følgje ekstra med dei bebuarane som blir råka av returavtalen.

Ein av dei som kan bli send ut med tvang er familiefaren Daniel Berhane. Kona har enno ikkje fått svar på asylsøknaden og familien ser mørkt på korleis situasjonen vil bli om Berhane må reise frå kona og dei to små borna, skriv Firda.

– Eg søv lite og kvar dag er eg redd for at politiet skal stå på døra for å hente meg, seier Berhane til avisa.

Både NOAS og Redd Barna meiner den nye utleveringsavtalen med Etiopia først og fremst vil råke uskyldige barn. Ei stor gruppe born risikerer no nemleg å miste ein av foreldra.