Hopp til innhold

Vil etablere nettverk for å hjelpe ROBEK-kommunane

Fylkesmann Anne Karin Hamre vil opprette eit nettverk for kommunane som har dårlegast økonomi.

Anne Karin Hamre

NETTVERK: Fylkesmann Anne Karin Hamre vil etablere eit nettverk for å hjelpe kommunane med dårlegast økonomi.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Sju av dei 54 kommunane i ROBEK-registeret har adresse Sogn og Fjordane.

Saman med KS ynskjer no Fylkesmannen å etablere eit nettverk for å hjelpe kommunane til ei betre økonomistyring.

– Det er behov for å jobbe med betre styring av økonomien i desse kommunane,

Har gode erfaringar

I august vart Askvoll den førebels siste kommunen i fylket som hamna i register om betinga godkjenning og kontroll. Frå før var Høyanger, Lærdal, Årdal og Selje, samt Terra-kommunane Vik og Bremanger, registrerte der.

Fylkesmann Anne Karin Hamre seier dei har gode erfaringar med å at kommunar med felles utfordringar jobbar saman.

– Det er også ein stad å utveksle erfaringar. Vi har alle noko å lære av kvarandre.

– Vil bli krevjande

Frå før har ein tilsvarande nettverk innan helse-, beredskap- og barnevern. Fylkesmannen seier tilbakemeldingane er gode, at kommunane tykkjer det er nyttig.

– Men først må vi ha ei runde med kommunane for å sikre forankring. Det vil bli krevjande, men eg tenkjer at dei har ikkje noko val, seier ho.

– Korleis vil dette fungere i praksis?

– Det blir ein kombinasjon av at vi må få inn folk som har praktisk erfaring med dette, og så har KS ein del folk som er dyktige på dette med styringssystem.