Hopp til innhold

Vil du gå på tur med Olav Stedje?

18. august vert det arrangert fjellturar over heile fylket. Det er Fylkesjubileet, Sogn og Fjordane turlag, og VARDAR - for folkehelsa som står bak turane.

Stedje

PÅ TUR FOR FYLKESJUBILEET: Olav Stedje skal vere med Sogn og Fjordane turlag på fjellet og halde konsert.

Foto: arkiv / NRK

Det er i forbindelse med 250-års jubileet til fylket at desse turane vert arrangert. Det blir arrangert turar i nesten alle kommunar i fylket.

– Dette er turlaget sin måte å vere på jubileumsfeiringa, fortel turleiar Linda Øvregard Røme.

Inspirert av Olav Stedje

Turane som går over heile fylket vert kalla "Vi vandrar saman", og er sjølvsagt inspirert av Olav Stedje. Hovudturen er i Luster, frå Jostedal opp til Bakkedal.

– Denne turen tek om lag ein time og er ein familieveneleg tur, så her kan alle bli med, seier Øvregard Røme.

Konsert på toppen

På turen i Luster blir Olav Stedje med i eigen person, og på toppen skal han halde konsert.

– Det er jo veldig stas at sjølvaste Olav Stedje skal vere med på vår tur. Det er ikkje kvar dag vi får konsert på toppen av turane vi går, seier turleiaren nøgd.

I tillegg vert det song og musikk med andre lokale aktørar, mellom annd Else Marie Haugen og Arvid Elvekrok.

Her går turane 18. august

Tommasskåra – Storehesten – Austkammen – Lisjehesten: INDRE SUNNFJORD TURLAG
Kjeipen: BALESTRAND OG HØYANGER TURLAG
Fresvikjorddalen – Fresvik: AURLAND OG VIK TURLAG
Villevatnet: BARNAS TURLAG, EID
Erdalssetra – Vetledalssentra – Infimus: BARNAS TURLAG, INDRE NORDFJORD
Huldrabotn: BARNAS TURLAG, VIK
Hornindalsrokken: YTRE NORDFJORD TURLAG
Ålfotbreen: KEIPEN TURLAG
Bakkedalen: LUSTER TURLAG
Midtbøstølen: FLORA TURLAG, FAMILIETUR
Falketind: SOGNDAL TURLAG
Nuken, turpost. BARNAS TURLAG, SOGNDAL
Bjørn West Marsj: YTRE SOGN TURLAG
Pissaren: BARNAS TURLAG, JØLSTER
Fossedalen: BARNAS TURLAG, FJALER
Åsastølen: BARNAS TURLAG, FØRDE


Tidspunkt for dei ulike turane i det lokale turlaget.