Hopp til innhold

Rotevatn vil dagens skjenkjeløyve til livs

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn ønskjer å endre dagens skjenkjereglar. Han meiner det slett ikkje er trong for å ta ny runde kvart fjerde år.

Sveinung Rotevatn

DÅRLEG NÆRINGSLIVSPOLITIKK: Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn meiner dagens regelverk der ein automatisk mistar skjenskjeløyvet etter fire år, er dårleg næringslivspolitikk.

Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

– Eg ser ingen grunn til å skape uvisse rundt rammevilkåra for små og viktige lokale bedrifter rundt om i distrikta, seier unge Venstre-leiar, Sveinung Rotevatn.

Han er klokkeklar på at når ei bedrift først har fått eit alkoholløyve, så må ein kunne behalde dette, og ikkje søkje på nytt att kvart fjerde år slik ordninga er i dag.

I dag seier alkohollova mellom anna at ein maksimalt kan få skjenkjeløyve i fire år, og fell automatisk vekk 30. juni i året etter kommune- og fylkestingsvalet.
Ein skjenkjeløyve kan når som helst dragast inn dersom alkohollova vert broten.

Er ingen grunn til å måtte vere usikker

– Såframt du ikkje har synt at du ikkje er skikka til å ha det, sjølvsagt, seier Rotevatn.

Han ser ingen grunn til at ein kvart fjerde år må søkje på nytt om å få ha skjenkjeløyve.

– Det er ingen grunn til at ein skal gå og vere usikker på om eit politisk fleirtal ønskjer å ta ifrå deg viktige rammevilkår for di bedrift eller ikkje, seier Rotevatn.

Han peikar på at for mange bedrifter er moglegheita til å kunne servere alkohol eit vere eller ikkje vere.

– For mange reiselivsbedrifter, overnattingsbedrifter og utestadar i distrikta er alkoholløyvet heilt avgjerande. Har du synt at du er i stand til å forvalte eit slikt løyve på ein god måte, så bør du får behalde det, seier Rotevatn.

Vert mindre attraktivt

Han legg til at godt over 90 prosent av bedriftene i reiselivsbransjen seier at det å ha skjenkjeløyve er avgjerande.

– Då vert det meir attraktivt å bruke staden til både konferansar, festlege lag, bryllaup og liknande. Då er det dumt at ein skal kunne miste løyvet etter fire år, sjølv om ein ikkje har gjort noko gale, seier Rotevatn.

– Men er det ikkje tryggjande at ein kvart fjerde år får sjekka at alt er som det skal?

– Eg meiner at eit politisk fleirtal må kunne ta ifrå nokon skjenkjeløyvet dersom ein bryt vilkåra. Men dersom ein oppfører seg fint, og forvaltar løyvet forsvarleg, så er det ingen grunn til at ein med eit vilkårleg fleirtal skal ta frå deg dette løyvet berre fordi det er gått fire år, seier Rotevatn.

Han peikar på at denne ordninga fører til stor uvisse for dei som jobbar i bransjen.

– Det er berre med på å undergrave investeringslysta til viktige bedrifter både i Sogn og Fjordane og andre fylke, seier Rotevatn.

Kallar ordninga byråkratisk

Utspelet til Rotevatn vert teke i mot med opne armar av direktør i NHO Reiseliv, Kristin Gyldenskog.

– Han ein først fått skjenkjeløyve, og ein ikkje bryt alkohollova, er det lite nyttig at ein må søkje på nytt kvart fjerde år. Det er lite næringsvennleg, og svært byråkratisk, seier Gyldenskog.

Ho ønskjer seg ei løysing slik som nabolandet vårt Sverige har, der ein får skjenkjeløyve inntil vidare.

– Det er til ei kvar tid det sitjande kommunestyret som legg premissane for den lokale alkoholpolitikken. Mange av våre medlemmer melder om eksempel på kommunepolitikarar si manglande innsikt i konsekvensane av eigne vedtak, seier Gyldenskog.