– Vi fryktar at dersom vi kuttar dette tilbodet vil fleire velje å reise ut. Det seier leiar i Hovudutvalet for opplæringsutvalet i fylkeskommunen, Norvall Nøringset.
Hovudutvalet for opplæring vil behalde toppidrettssatsinga og går dermed i mot forslaget til fylkesdirektøren for utdanning.
- LES OGSÅ:
I går vart det klart at på grunn av dei økonomiske utfordringane i fylkeskommunen vert det spissa idrettstilbodet i vidaregåande opplæring føreslått kutta av fylkesdirektøren.
Vil finne løysing
Tilbodet gjeld ungdommar som vil kombinere vidaregåande opplæring med sin idrett. Enten det er fotball i Sogndal, volleyball i Førde eller skiskyting i Stryn. I motsetning til fylkesdirektøren vil hovudutvalet satse på idretten, seier Nøringset.
– Det er klare føringar i utvalet for å vidareføre tilbodet vidare, fordi det er eit knakande godt tilbod for dei idrettsutøvarane som får vere med på det både i Stryn, Førde og Sogndal. Det viser alle evalueringar.
Nøringset viser også til at tilbodet viser at det er færre som reiser ut av fylket for å ta utdanning privat og drive toppidrett. Med eit slikt tilbod meiner Nøringset at fleire blir verande i fylket.
– Faktum er at vi også tener pengar på at færre reiser ut, så blir pengane også tilført fylket.
Må kutte i andre ting
Nøringset meiner seier fylkesdirektøren har gitt si innstilling til kuttliste. Han innser også no at utvalet må finne dekning ein annan stad for å spare inn pengebruken.
- LES OGSÅ:
– No må vi gå til finansutvalet og økonomidirektøren for å finne løysingar slik at dei og vi la tilbodet bli ståande ved lag.
Seinare i dag blir det klart kvar Hovudutvalet for Opplæring vil ta inn kuttet.