Hopp til innhold

Med 200 lastebillass med snø frå Vikafjellet skal løypene bli klare til LM i skiskyting

Skiskyttargruppa i Vik IL tek over Landsdels-meisterskapen i skiskyting i slutten av mars. Men også på Vik skisenter tek det til å minke på snøen. Men vikjene veit råd.

Vik skisenter

TRENG SNØ: Også på Vik skisenter byrjar det å tære på snøen. Men på Vikafjellet, nokre kilometer unna, er det nok av snø å ta av.

Foto: webkamera

– Dessverre måtte Markane IL avlyse arrangementet sitt på grunn av snømangel. Me fekk førespurnad i helga om me kunne tenkje oss å ta over arrangementet, seier leiar i skiskyttargruppa i Vik Idrettslag, Jorunn Åsfrid Røyrvik.

Avgjerda vart drøfta nøye, før ein bestemde seg for å ta utfordringa på strak arm.

– Me har heller ikkje gode nok snøforhold på Vik skisenter. Men i samarbeid med Vik kommune kan me likevel ta over arrangementet. Me har eit enormt stort Vikafjell der det er nøgd i snø som me kan frakte ned til skisenteret, seier Røyrvik.

Må hente fire gonger så mykje snø

Det er berre fire veker sidan sist KM i skiskyting vart arrangert i Vik. Då måtte det køyrast 50 lastebillass med snø – totalt 500 kubikk, for å gje gode tilhøve for skiskyttarane.

Men det må langt meir til for å få skaplege løyper når det lir så langt som i slutten av mars.

– Me må nok ha mykje meir. Då me diskuterte det i går, var det snakk om så mykje som 2000 kubikk, seier Røyrvik.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

GLER SEG: Leiar i skiskyttargruppa i Vik Idrettslag, Jorunn Åsfrid Røyrvik, ser fram til å arrangere LM i slutten av mars.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det betyr om lag 200 lastebillass.

Sist vart dette meir eller mindre gjort på dugnad, men Røyrvik er klar på at ein kan ikkje vente at entreprenørar stiller opp og tek alle kostnadar med dette sjølve.

– Difor søkte me næringsfondet i kommunen om økonomisk hjelp, og har fått innvilga 50.000 kroner. Me har lokale entreprenørar som velvillige stiller opp. Med økonomisk stønad frå kommunen, skal me klare dette, seier Røyrvik.

Rosar den enorme dugnadsinnsatsen

Men å frakte snøen ned frå Vikafjellet, er berre halve jobben. For snøen må porsjonerast ut i løypene og bearbeidast der.

– Det vil bli ein formidabel dugnadsinnsats. Her i Vik er den heilt spesiell og enormt prisverdig, seier Røyrvik.

For å arrangere Landsdelsmeisterskap trengst det mellom 70 og 80 funksjonærar.

– I tillegg trengst det ganske mange på skisenteret i dagane før for å få lagt ut snøen og gjort klart skisenteret elles, seier Røyrvik.

Ho rosar både dugnadsinnsatsen og velviljen som er i Vik.

– Ein ting er at me har ei veldig engasjert skiskyttargruppe med veldig mange flinke foreldre som ikkje kvir seg for å ta eit tak, uansett kva det gjeld. Men me har også veldig støtte i bygdefolket, noko som gjer dette mogleg, seier Røyrvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Halvor Larsen og Johannes Bøthun (t.h.).

STOR INNSATS: Det ligg ein enorm dugnadsinnsats bak så store arrangement som Krinsmeisterskapen og Landsdelsmeisterskapen i skiskyting. Her frå KM då f.v. Halvor Larsen og Johannes Bøthun gjorde klart på standplass.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Trur dei skal få plass til alle

– Me treng meir enn dei aktive foreldra i gruppa når me skal ha slike store arrangement. Den stønaden føler me, no berre eit knapt døgn etter me bestemde oss, at me har, seier Røyrvik.

Største utfordringa for Vik er framleis mangelen på overnattingsplassar. Etter brannen på Hopstock hotell i 2010, har Vik mangla overnattingskapasitet.

Røyrvik og familien tok i januar i år over hotellet. Under namnet Blix hotell jobbar dei med planar for å etablere eit nytt, fullverdig hotell i Vik. I mellomtida har dei full drift ved annekset, Blix overnatting, som ikkje vart skadd i brannen.

I tillegg er det mange campingplassar i Vik kommune som totalt sett har mange gjestesenger.

– Me gjorde i grunn det same for nøyaktig ein månad sidan, under KM. Der var det veldig stor deltaking og mange besøkjande. Med velvilje og positivitet så fekk me plass til alle, og det skal me klare denne gongen også, seier Røyrvik.

Mellom 160 og 180 utøvarar i løypene

Og skulle det røyne på, er det også vikjer som opnar husa sine for skiskyttarvener frå andre stadar.

– Eg veit om folk i skiskyttargruppa vår som ringjer til sine kjende i andre klubbar og tilbyr overnatting. Og totalt sett har vi ein god del senger gjennom både gjestehus, hytter og Blix overnatting, seier Røyrvik.

Påmeldingsfristen til Landsdelsmeisterskapen er utsett til 10. mars, sidan arrangørstaden vart flytta. Røyrvik har tru på at det vert om lag like mange påmelde som under KM.

– Eg vil tru det kjem mellom 160 og 180 utøvarar på Vik skisenter den helga, seier Røyrvik.

Berre frå Hordaland er det venta mellom 110 og 120 løparar til meisterskapen.

– Eg synest det er heilt fantastisk at Vik har teke på seg å arrangere dette på så kort varsel. Det seier det meste om innsatsviljen og kor flinke dei er til å mobilisere, seier leiar Bjørn Tore Årevik i Hordaland skikskytterkrets.