Fleire av dommarane rynka på nasen etter at Vegard Leite var ferdig med sin framføring i den fjerde finalerunden av Idol på TV2.
Mot slutten av sendinga meinte tre av fire dommarar at det var værlendingen som måtte reise heim.
Ingen av dei fire dommarane hadde spesielt mykje godt å seie om framføringa av DumDum Boys sin «Splitter Pine». Hans Erik Dyvik Husby meinte Leite mangla truverde medan Gunnar Greve meinte framføringa mangla både det eine og det andre.
– Kom an, vi treng innleving og lidenskap, sa Greve under TV2-sendinga.
- LES OGSÅ:
– Eg kjøper det ikkje
19-åringen frå Værlandet har som regel fått nokon lunde gode tilbakemeldingar frå dommarane, men ved fleire høve har dei etterlyst meir giv.
Dyvik Husbø bad mellom anna om å få sjå ein røffare og farlegare Leite og oppmoda rett og slett værlendingen om å bli meir «fandenivolsk». Det fekk han tydelegvis ikkje i dag.
– Eg kjøper det ikkje, var reaksjonen til dommaren som er meir kjend som Hank von Helvete i Turbonegro.
Dommarkollega Greve følgde opp og denne gongen var det han som etterlyste ein meir fandenivolsk» Leite.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Imponerte ikkje «damene»
Og heller ikkje damene let seg imponere av den blonde sjarmøren frå Værlandet når han framførte rockelåten. Bertine Zetlitz vart langt frå overtydd og meinte han i staden burde ha sunge ”Forelska i lærer’n”
– Du må velje songar som passar deg betre, sa Zetlitz under direktesendinga.
Sist fredag meinte Marion Ravn at Vegard måtte bli meir sexy, og også då trudde ho ikkje på han. Den kjensla hadde ho framleis for også i dag vart det litt grining på nasen når Leite skulle få tilbakemelding.
– Du seier du skal vere deg sjølv, men eg trur ikkje på deg når du seier du er ei rockestjerne. Du er ein fløtepus, sa Ravn og meinte Leite i staden burde satse på balladane.
- LES OGSÅ:
Tippa ut av dommarane, men..
Mot slutten av kvar sending skal dommarane tippe kven dei trur må ut av konkurransen. Både Gunnar Greve, Bertine Zetlitz og Hans Erik Dyvik Husby tippa at det vart Vegard Leite som måtte ut.
Men trass dei krasse tilbakemeldingane frå dommarane blir det minst ei veke til for Vegard i Idol-sirkuset. Det er nemleg publikum som bestemmer alt i Idol og dei har ikkje tenkt å sende værlendingen heim enno. Som siste sikre finalist vart nemleg Vegard ropt opp av programleiarane.
Det var ein tydeleg letta Idol-finalist som gjekk vidare. Då programleiarane hadde gjort det klart at han enda kan forfølgje draumen, måpa han og verka tydeleg overraska.
Den som måtte reise heim i kveld var Fredrik Bergersen Klemp.