Hopp til innhold

Veterinærane brukte to dagar på å berge utmagra «Ulla»

FLORA (NRK): Katten var døden nær då den vart teken hand om av venlegsinna menneske. Dyrlege Hanne Husebø Kristensen i Florø meiner det er eit eksempel på kvifor ID-merking er så viktig.

Avmagra katt

MAGER: Ikkje før pelsen var barbert kom den utsvoltne kroppen til syne. No er «Ulla» på betringas veg.

Foto: Hanne H. Kristensen

Etter to dagar med intensiv behandling verkar «Ulla», som katten har blitt døypt, å kome seg til hektene. Men det var berre så vidt livet stod til å berge.

– Katten var svært nær sveltedøden. Den var heilt avmagra og dehydrert, seier dyrlege Hanne Husebø Kristensen ved Flora Dyreklinikk.

Eit tilbakevendande problem

Diverre er ikkje dette noko eineståande tilfelle. I går kunne vi fortelje at sommaren i år har blitt eit nytt mareritt for Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane. Når folk reiser på ferie, trur dei gjerne at kattane greier seg sjølve. Det merkar dei òg ved Flora Dyreklinikk.

– Vi får dei inn med jamne mellomrom. Og eg er redd for at det er veldig mange fleire av dei der ute, seier Kristensen.

Dyrlege Hanne Kristensen

FÅR OMSORG: Katten «Ulla» er no i gode hender hos Hanne Husebø Kristensen ved Flora dyreklinikk. Kristensen meiner dette tilfellet beviser kor viktig det er å ID-merke kjæledyr.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Likevel vil ho ikkje konkludere med kva som har skjedd i dette tilfellet.

– Ein slik katt kan ha kome frå ein utmerka heim, men så kan ho ha rota seg vekk. Men den må ha gått rundt lenge utan å finne mat og ly.

Oppfordrar alle til å ID-merke kjæledyra

Kristensen meiner difor denne katten er eit bevis på kvifor ID-merking bør vere obligatorisk for alle som har kjæledyr gåande ute.

– Den manglande merkinga er eitt av dei største problema i slike tilfelle. Vi har diverre ingen moglegheit til å finne eigaren utan. Dette er ein kjemperessurskrevjande jobb, både for dyrevernet og for oss som skal følge den opp, seier ho.

Trass i at dei kvart år får inn mange vanstelte dyr, meiner Kristensen folk er flinkare enn før til å ta vare på kjæledyra sine. I tillegg har staten kome sterkare på bana. Overlèt du katten til seg sjølv i ferien kan du vente deg sviande bøter på opp til 17 000 kroner.

– Men framleis er det for mange som reiser frå katten, utan å sørge for skikkeleg stell og pass. Sjølv om det blir sett ut mat og vatn, så saknar katten folka sine og den vandrar ut for å søke ny kontakt. Og så rotar den seg vekk, seier Kristensen.

Vil få ein god heim

Kristensen trur den tjukke pelsen gjorde at folk ikkje oppfatta at katten var døden nær tidlegare.

– Det var ikkje før ho blei så sjuk og avmagra at ho faktisk sjangla når ho gjekk, at nokon oppdaga kor sjuk ho var, seier ho.

No verkar det å gå rette vegen for «Ulla». Ho er veldig tam og menneskekjær, difor trur Kristensen dei lett skal greie å finne ein heim til henne.

– Det fortener ho og det blir heller ikkje vanskeleg. Vi har allereie fått mange førespurnader frå folk, seier ho.