Hopp til innhold

Vestlandsfylka skal få felles cruise-strategi

Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har på oppdrag frå Vestlandsrådet starta arbeidet med ein felles cruisestrategi.

Britannia

VITJA OLDEN: Cruiseskipet Britannia, då det som første cruiseskip denne sesongen vitja Olden 28. april i år.

Foto: Silje Guddal / NRK

Både i Sogn og Nordfjord reknar cruisehamnene med ein auke i tal anløp og passasjerar neste år.

– Det er fleire grunnar til at vi treng ein cruisestrategi, seier Trond Amland, som har fleire tiårs erfaring innan reiselivet på Vestlandet og er den som skal utarbeide cruise-strategien.

Kraftig vekst

Det er Vestlandsrådet som har vedteke at det skulle lagast ein felles cruisestrategi for dei fire vestlandsfylka. Bakgrunnen er at det har vore ein veldig vekst i cruisetrafikken dei siste 10–15 åra. Både i heile Norge men og på Vestlandet. Vestlandet står for 70 prosent av all cruisetrafikk i heile Norge.

– Så det er på Vestlandet ein verkeleg merkar cruisetrafikken på godt og vondt.

I Flåm, som er ei av dei kjende cruisehamnene i fylket, gjekk cruisepassasjer nummer to millionar gått i land i dag.

Men i Flåm har dei og opplevde skuggesidene av cruisetrafikken, og i fjor sommar nådde konfliktnivået ein førebels topp.

Trond Amland

STRATEG: Trond Amland skal utarbeide den felles cruise-strategien for dei fire vestlandsfylka.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Den veksten som har vore i cruisenæringa har kome svært raskt, og vi har kanskje ikkje vore heilt førebudde på å ta i mot den trafikken som har kome dei siste åra.

På nyåret

Når sommarsesongen er over i haust skal dei gjennomføre høyringskonferansar i kvart dei fire vestlandsfylka, for å få innspel frå reiselivsverksemdene og andre som er involverte i cruise.

– Denne strategien skal jo prøve å seie noko fornuftig og tydleg om korleis vi ynskjer at utviklinga skal vere her på Vestlandet innanfor cruisetrafikk.

–Når skal strategien vere ferdig?

– Vi har sagt vi skal bruke den tida vi treng, men vi ser for oss at vi skal kunne legge fram eit framlegg til cruisestrategi like over nyåret. Eit viktig tiltak er å involvere næringa og høyre kva dei meiner utviklinga skal vere. Det skal vi så jobbe vidare med, slik at vi har klart eit framlegg i januar – februar.