Hopp til innhold

Verneombod dømd etter eksplosjon

På veg for å kontrollere at byggplassen hadde alt på stell, hadde verneombodet ei 11 kilos propanflaske liggande i bilen. Fjordane tingrett meinte mannen burde visst betre.

Skadd etter bilbrann i Stardalen i Jølster

BØTELAGT: Mannen gløymde han hadde ei gassflaske liggande i bilen då han reiste på jobb. I Stardalen byrja bilen å brenne og flaska eksploderte.

Foto: NRK-tipsar

For i Stardalen i Jølster byrja bilen å brenne. Mannen, som er i 50-åra, kom seg ut av den brennande bilen og låg i vegkanten då gassflaska han fekk dagen før eksploderte.

Mannen vart liggjande fem dagar i kunstig koma , fekk brannskadar og skade på høyrselen.

Kravde fengsel

Påtalemakta tiltalte mannen for brot på brann- og eksplosjonslova , og la i Fjordane tingrett ned påstand om fengsel på vilkår i 21 dagar og 10.000 kroner i bot.

Politiet meinte gass seiv ut frå flaska fordi den vart liggande, og at gassen tok fyr då mannen skulle fyre opp ein sigarett.

Mannen nekta straffskuld, medan Fjordane tingrett ikkje fann sterke nok bevis til å kunne dømme mannen etter tiltalen.

Ikkje forsiktig nok

For retten stod hendingsgangen fram som uklar. Vitne observerte flammar inne i bilen, før det kom fleire mindre smell og eitt stort. Med tanke på brannårsaka meinte ekspertar at gassen ikkje skal sive ut sjølv om flaska ligg.

Retten viste til at det vart ikkje gjennomført tekniske undersøkingar som kunne sjå bort frå teknisk årsak for brannen. Heller ikkje propanflaska og ventilsystemet vart undersøkt med tanke på om det var lekkasje, og eventuelt kvifor.

Derimot fann retten at mannen ikkje var forsiktig nok med måten han både lagra og transporterte flaska.

Fekk bot

Propanflaska er tydeleg merka med at den «alltid skal stå oppreist ved transport, bruk eller lagring» og at den skal «oppbevarast på ein godt ventilert stad».

Mannen forklara at han la flaska fordi bagasjerommet ikkje var stort nok til at flaska kunne stå. Den vart støtta opp med esker innehaldande dokument.

Retten meinte mannen skulle ha transportert og sikra flaska oppreist, og heller ikkje over så lang tid.

Retten la ikkje vekt på det, men meinte mannen som verneombod i byggjebransjen burde visst betre – og dømde han til 6.000 kroner i bot.