Verdsrekordforsøk i isvatn

Briten Gordon Lewis Pugh skal fredag prøve å sette ny verdsrekord i symjing i isvatn.

Det skal han gjere i Brevatnet ved Nigardsbreen i Jostedalen. Målet til Pugh er å symje 1,5 kilometer. Truleg er temperaturen i vatnet under ei grad.

Gordon Lewis Pugh er kjend som mannen som symde heile Sognefjorden på langs frå Skjolden til Eivindvik. Han har og symt rundt Nordkapp.

Når han stuper uti isvatnet ved Nigardsbreen fredag blir han fylgd av kamera frå BBC og Reuters TV. BBC skal sende rekordforsøket direkte på BBC 24.

Peder Kjærvik ved Breheimsenteret tykkjer det er artig med merksemda kring rekordforsøket. Han seier han har stor tru på engelskmannen, men reknar med at det blir ei kald moro.

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.