Hopp til innhold

Verdas første bryllup på Kannesteinen

– Det er det vanskelegaste vigslaroppdraget eg har hatt reint fysisk, seier Laila Schult frå Human-Etisk Forbund.

Bryllup på Kannesteinen

I HAVGAPET: Olin Blaalid Oldeide og Even Rusti Nygard gifta seg laurdag på sjølvaste Kannesteinen.

Foto: privat

Ho balanserte på steinen ved sidan av Kannesteinen, der Olin Blaalid Oldeide og Even Rusti Nygard fekk gleda av å gifte seg – som det første paret nokon gong.

– Men det vart jo bra! Litt av eit fotomotiv, seier Schult.

Ho har lang erfaring frå humanistiske vigslar og har smidd folk i hymens lenkjer på ein del uortodokse stader.

– Eg har vore på ein bre, på Kjerringa på Stad, på Kråkeneset, langt inne i Oldedalen, i Luster, for å nemne nokre av dei. Det var vore mange flotte opplevingar!

Bruda sjølv er strålande nøgd, ikkje minst med vêret.

– Det er ganske mykje som skal klaffe, ikkje minst det vegmessige! Der var vi heldige. Lite vind, ikkje noko regn. Vi venta heilt til morgonen før vielsen før vi bestemte oss. Vi hadde fleire reservelokale i bakhand. Heldigvis klaffa det, og vi fekk ei magisk stemning der ute i havgapet, med vener og familie rundt oss.

Bryllup på Kannesteinen

MED FORLOVARANE: brura Olin Blaalid Oldeide, brudgom Even Rusti Nygard, vigslar Laila Schult, forlovarar Helene Flåten og Lars Øren.

Foto: privat

Ho fortel at dette er noko dei har tenkt på og drøymt om i lang tid. Den konkrete planlegginga har gått føre seg i eitt år.

– Og kven sin idé var det?

– Det var nok pappa sin idé. Han har ein tendens til å ta på seg store og ambisiøse prosjekt, seier Blaalid Oldeide.

– Kvifor Kannesteinen?

– Det er jo eit slags symbol på plassen eg kjem frå, og eit nasjonalt kjennemerke. Samstundes ligg den fint til, med fantastisk utsikt, og det er lett å kome seg til for gjestene.

No går turen til Island på bryllaupsreise, og så ein tur til Sør-Afrika seinare i haust for det reiseglade paret.