Hopp til innhold

Her vil han stå til bilbergaren kjem - frå Estland

Den estiske bussjåføren bestilte bilbergar frå heimlandet då han mista eine bakhjulet ved Fjærland. Tysdag morgon skar politiet igjennom og bestilte norsk bilbergar.

Estisk turbuss mista dekk

MISTA DEKK: Den estiske turbussen var på veg nordover då han mista eine hjulet på veg ned frå Sogndalsdalen mot Fjærland.

Foto: Jens Bjarne Henjum / Statens vegvesen

Det var føraren sjølv som i 21-tida måndag tok kontakt med Vegtrafikksentralen og varsla om uhellet. Han varsla då også at han ville bli ståande til han fekk hjelp frå heimlandet.

Busselskapet har sitt lokalkontor i Tallin – kring 1.440 kilometer, eller 27 timar reisetid – frå den havarerte bussen i Sogn.

– Eg har forstått det slik at den ikkje kjem brått på trafikantane, men den kan ikkje bli ståande slik. Vi kan i alle fall ikkje vente på bilberging frå Estland, seier vaktoperatør Jan Erikstad ved VTS i Lærdal.

Politiet ordna bilbergar

For tysdag morgon står bussen framleis i på riksveg 5, i nordgåande retning, mellom Bergstunnelen og Holmahaugtunnelen.

Synnøve Domben, politiførstebetjent Sogn og Fjordane politidistrikt.

OPERASJONSLEIAR: Synnøve Domben og politiet ringde bilbergar for å få fjerna den estiske bussen på riksveg 5 i Fjærland.

Foto: Truls Kleiven

Hjulet som fall av måndag kveld ligg framleis i grøftekanten eit lite stykke unna. Politiet sende ein patrulje til staden og skar klokka 0839 igjennom.

– Vi fekk opplyst at han sjølv har bestilt bilbergar frå Estland, men sidan det vil ta så pass lang tid, så har vi bestilt tungbergar, fortel operasjonsleiar Synnøve Domben ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ikkje trafikkfarleg

– Det er kring 150 meter sikt i begge retningar, men sidan den står så pass til hinder, så har vi bestilt tungbergar som kjem til staden ganske raskt for å fjerne bussen, legg Domben til.

Politiet hadde i 09-tida ikkje fått snakka med den estiske bussjåføren.

– Veit de kvifor han ringde bilbergar i heimlandet, framfor hjelp i Norge?

– Vi har ikkje direkte kunnskap til det, men eg vil tru at det har noko med økonomi å gjere. At det gjerne er dyrare i Norge enn i Estland.

Er flytta

Politiet opplyser i 11-tida at bussen no er flytta til ein rasteplass ved Bergmo. Dei har også vore i kontakt med firmaet, og konkluderer med at det er ei misforståing som gjer at bussen ikkje vart flytta allereie i går.

Patruljen på staden har fått opplyst frå føraren at bussen mista hjulet i 12-tida måndag.

– Det er allereie avklara med firmaet at dei tek rekninga frå bilbergar. Dei vil også sende oppover ein reparatør som kjem til Fjærland i kveld, seier Domben.