Hopp til innhold

Ventar framleis på nytt fengselsgjerde

Det vil gå endå eit halvår før det nye gjerdet rundt fengselet i Vik er på plass. Fengselsleiaren håpar dei skal greie seg utan rømmingar fram til då.

Vik fengsel

VENTAR PÅ NYTT GJERDE: Det vil framleis gå nokre månader før det nye gjerdet er på plass rundt Vik fengsel.

Foto: Nyhetsspiller

– Om vi ser på kor tid vi har hatt rømmingar til no, så er det på sommaren det skjer. Vi har ikkje hatt ei einaste rømming på vinterstid, seier fengselsleiar Roy Egil Stadheim til NRK.no.

Etter at to fangar rømde i sommar uttrykte han på ny uro for det dårlege gjerdet rundt fengselet. I løpet av tre år har det vore fire rømmingar frå fengselet, og fengselsleiinga la ikkje skjul på at det var for lett å ta seg over gjerdet.

– Det er ikkje vanskeleg å kome seg over gjerdet slik det er i dag, sa Stadheim til NRK.no i juni.

Sa nei til halvgod løysing

No, eit halvt år etterpå, er det framleis ikkje noko nytt gjerde på plass rundt fengselet i Vik. Då NRK snakka med Stadheim i sommar håpa han at det nye gjerdet skulle vere på plass i løpet av hausten.

Ifølgje Stadheim er forklaringa på forseinkinga at fengselsleiinga ikkje ville slå seg til ro med ei halvgod løysing.

– I det første anbodet på nytt gjerde var ikkje gjerdet godt nok meinte vi. Vi såg det som lite hensiktsmessig å byggje eit nytt gjerde som ikkje er skikkeleg. Difor er det no lagt ut eit nytt anbod med eit betre gjerde, seier Stadheim til NRK.no.

– Ikkje noko rømmingsgjerde

Problemet med dagens gjerde er ganske enkelt at det er for lett å klatre over det. Då alarmen gjekk den 24. juni i år var det nettopp det som hadde skjedd.

– Dei har rømt på den vanlege måten. Det er å forsere gjerdet vårt som ikkje er godt nok, sa fengselssjef Roy Egil Stadheim til NRK.no for eit halvt år sidan.

Dagens gjerde er 2,3 meter høgt og har piggtråd som vender innover, med store masker er det relativt enkelt å klatre i det.

– Gjerdet vi har i dag er bygd for mange år sidan, og var i utgangspunktet bygd for at utanforståande ikkje skulle greie ta seg heilt inn til fengselsbygningane. Det er eit avvisingsgjerde, og ikkje eit rømmingsgjerde, det gjer at det ikkje er godt nok i dag, seier Stadheim til NRK.no.

Ventar på klatresikkert gjerde

Gjerdet som er lagt ut på anbod vil vere langt høgare, med sikring i både topp og botn og skal vere klatresikkert, forklarar Stadheim.

– Det nye gjerdet blir fire meter høgt, det er klatresikkert og umogleg å ta seg over.
– Sjølv om det blir mykje større og sterkare vil det vere mykje finare å sjå på.

– Det viktigaste er at ingen skal komme seg over det, vi har ikkje lyst på fleire slike episodar som vi har hatt dei seinare åra, seier Stadheim til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

Justisminister Grete Faremo og leiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim.

AKSEPTERER VENTETIDA: Fengselsleiar Roy Egil Stadheim aksepterer at det går endå nokre månader før det nye gjerdet er på plass. Her er han saman med tidlegare justisminister Grete Faremo på eit besøk ved fengselet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Må heile tida vere på vakt

Generelt er det relativt få rømmingar frå norske fengsel, og fire rømmingar på tre år er ingen god statistikk for det vesle fengselet ved Sognefjorden.

– Ei rømming er ei for mykje. Det er ikkje noko vi vil skal skje, og difor må vi gjere alt vi kan for å unngå det, seier Stadheim.

– Vi brukar mykje ressursar når det skjer rømmingar, og vi må heile tida vere veldig på vakt slik at det ikkje skjer.

– Med eit betre gjerde vil det ikkje vere mogleg rømme slik fangane har gjort dei siste åra.

Fryktar ikkje på rømmingar vinterstid

Sidan i sommar har det ikkje vore nye rømmingar frå fengselet. Sjølv om det no altså går endå nokre månadar før eit nytt og rømmingssikkert gjerde er på plass, trur ikkje Stadheim at det er fangar som vil nytte sjansen.

– Slik fengselet ligg til tenkjer nok fangane seg om fleire gonger før dei stikk av på vinterstid, seier han.

Stadheim viser til at det ikkje er spesielt enkelt å kome seg vidare frå Vik. Alternativet er anten over Vikafjellet, eller over Sognefjorden med båt eller ferje.

Riksveg 13 over Vikafjellet er svært vêrutsett, og gjennom vinteren er vegen ofte stengd på grunn av uvêr. Til dømes har vegen vore heilt stengd julaftan og første del av første juledag.

– Det er ganske risikofylt om nokon skulle prøve ta seg over der vinterstid. Det er eigentleg heilt nyttelaust for dei å forsøke, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Vikafjellet

VANSKELEG: Det er vanskeleg å ta seg over Vikafjellet vinterstid. Julaftan og første juledag har til dømes uvêr stengd fjellovergangen for all trafikk.

Foto: webkamera / Statens vegvesen

Fullt hus i jula

Han trur difor fangane vil slå seg til ro med å vere innanfor fengselsgjerda i vinter. No i romjula er det nesten fullt hus.

– Nokre av fangane får permisjon i jula, men det er bortimot fullt hus. Det har det vore dei siste julehelgane, seier Stadheim.

Julehøgtida er viktig for mange, men også ei sår tid for dei som må feire den bak murane.

– Mange er vekke frå familiane sine, og vi prøver å lage til ei så bra jul som mogleg for våre innsette, seier Stadheim.

Aksepterer ventetida på nytt gjerde

Pristilboda på gjerdet som no ligg ute på anbod er venta inn i månadsskiftet januar/februar, fortel fengselsleiaren.

– Vi håpar at bygginga av det nye gjerdet kan starte rimeleg raskt etter det.

– Men er du nøgd med at de må vente endå eit halvår før gjerdet er på plass?

– Ein blir aldri nøgd før ein får ting på plass.

– Og det er klart at ting kunne gått litt raskare, om vi ikkje hadde stilt dei krava som vi har gjort no.

– Men skal ein først bruke pengar og byggje nytt, skal vi ha eit skikkeleg gjerde. Vi vil ikkje ha eit gjerde vi er usikre på. Dette er hovudgrunnen til utsetjinga, og vi meiner det er betre å vente nokre månader lenger på ei fullgod løysing, seier Stadheim.