Hopp til innhold

Ventar 30 grader i dag

Fleire stader i Sogn og Fjordane låg i natt nær grensa til tropenatt. Meteorologen lovar sydlandske temperaturar utover dagen, men lykka er kortvarig.

Solnedgang på Refviksanden

SOMMARIDYLL: Slik såg det ut på Refviksanden i Vågsøy onsdag kveld.

Foto: Tanya Kråkenes/Instagram.com

I Botnane i Bremanger vart det målt 21 grader klokka 06. Minimumstemperatur i natt 18,8 grader. I Førde kunne dei tidlegaste morgonfuglane vakne til 19 grader.

– Vi ventar temperaturar på rundt 30 grader dei varmaste stadene. I dag er det t-skjorte eller singlet-vêr, fastslår statsmeteorolog Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Kan bli varm torefull kveld

Det blir ein varm sommardag i fjordfylket, men også trekkfullt.

Anne-Mette Olsen

STATSMETEOROLOG: Anne-Mette Olsen ved Vêrvarslinga for Vestlandet ber deg nye laurdagen – mellom regnbyene.

Foto: privat

– Det blir ein del vind. Søraust frisk bris først på dagen. I ettermiddag aukar vinden på til sørleg stiv kuling på kysten og sterk kuling ved Stad.

Men, legg meteorologen til:

– Det blir varmt i kveld også. Det blir veldig fint vêr, av og til med nokre skyer i ytre strok, men dei vil fare fort forbi. Det kan også komme inn nokre regnbyer, i så fall med tore, ute på kysten. Men dette kan dryge til natta.

Dermed kan det gå mot ei tropenatt (minimum 20 grader) i Sogn og Fjordane.

Solnedgang, Refviksanden

STORSLÅTT: Refviksanden natt til torsdag.

Foto: Skramsen/Instagram.com

Våt helg i vente

Fredag ser ikkje like bra ut. Det blir regn og regnbyer og lokal tore først på dagen, før det går over til meir spreidde byer utover dagen.

– Fredag kveld dreier vinden over på nord med frisk bris på kysten og opphaldsvêr. Laurdag kan ein vente seg opphald og periodar med sol tidleg på dagen, før det igjen kjem byer laurdag kveld. Desse ser dessverre ut til å vare også søndagen, opplyser Olsen.

Ho har ei klar oppmoding til dei som går med planar utandørs for helga.

– Ein må nye laurdag føremiddag og ettermiddag. Det blir den beste perioden i helga.

Temperaturar målt torsdag 2. juli klokka 06:

  • Sognefjellet: 10
  • Øvre Årdal: 13
  • Sogndal: 14
  • Leirvik: 14
  • Høyanger: 17
  • Førde: 19
  • Loen: 14
  • Florø: 15
  • Botnane: 21
  • Gullfaks C: 14