Hopp til innhold

Han hadde venta i eitt år på Hobbiten-filmen - så vart framsyninga avlyst

Hundrevis av Hobbiten-entusiastar måtte gå skuffa heim frå Førde Kino natt til onsdag. Det vart ikkje noko av festpremieren på «Hobbiten: Smaugs ødemark».

Øystein Riksheim Østvik/Frå filmen Hobbiten

VART SKUFFA: Øystein Riksheim Østvik måtte gå skuffa heim etter å ha venta lenge på Hobbiten-filmen.

Foto: Anna Gytri, NRK/Mark Pokorny

Klokka 00.02 skulle filmen ta til. Dei forventningsfulle Tolkien-elskarane hadde kjøpt inn snop, popcorn og drikke og såg fram til ei kjekk stund i kinomørket.

Ein av dei som hadde venta lenge på denne filmen er Øystein Riksheim Østvik.

– Eg har gått og venta på denne filmen sidan eg kom ut av kinosalen etter den første Hobbiten-filmen for eitt år sidan.

Saman med dei andre som hadde sett fram til premieren stod han utanfor kinosalen til rundt ti minutt etter at filmen skulle ha starta. Då kom det folk og fortalde at framsyninga vart avlyst.

– Det var veldig tungt. Eg hadde to kompisar med meg, og vi hadde gledd oss veldig lenge og såg verkeleg fram til filmen. Så fekk vi beskjed om at vi måtte snu, det var veldig tungt.

Torhild Vie

BEKLAGAR STERKT: Kinosjef Torhild Vie håpar dei får vist filmen onsdag kveld.

Foto: Lars Erik Andreassen / NRK

Kinosjefen beklagar

Kinosjef Torhild Vie beklagar sterkt at dei ikkje fekk i gang filmen.

– Vi styra voldsomt med å få film og nøklar på plass til klokka 12. Nøklane skulle først vere gyldige frå klokka 21.30, så det var først då vi oppdaga problemet. Vi jobba på spreng fram til vi rett før midnatt måtte innsjå at vi ikkje greidde å få det på plass.

Nesten alle utanlandske filmar har ein kode som må låsast opp for å kunne vise filmen. Då må filmen vere på plass i rett sal og på rett server og rett nummer på koden.

– Det er fleire ting som må klaffe for å få køyrt filmen, og det klaffa ikkje i natt, seier Torhild Vie.

Prøver på nytt onsdag kveld

No har kinosjefen tru på at dei skal greie å få vise filmen onsdag kveld.

– Når eg får sjekka at vi har kontroll skal eg legge ut informasjon på heimesida vår og Facebook-sida vår.

Men Øystein Riksheim Østvik får ikkje sjå «Hobbiten: Smaugs ødemark» onsdag. Han skal på jobb. Men torsdag er han på plass i kinosalen.

– Heile sjangeren med eventyr og fantasy tiltalar meg. Ringenes Herre-filmane var så bra, og då har eg lyst til å sjå det som er forløparen til den historia.