Hopp til innhold

Venstreleiaren vil kjempe for denne utdanninga

Fredag var Venstreleiar Trine Skei Grande i Aurland. Ho seier utdanninga er viktig og framtidsretta og vil difor stå på for skulen.

Sogn Jord- og Hagebruksskule Trine Skei Grande

VIKTIG UTDANNING: Venstreleiar Trine Skei Grande hadde ein lærerik dag på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Foto: NRK

– Det var veldig interessant og lærerikt, spesielt for oss som kjempar for at vi skal ha gode landbruksutdanningar også innanfor økologisk landbruk, så er det klart at dette er ein skule som er spennande og viktig å halde på for å sørge for at vi får utdanna agronomar som også kan det, seier Trine Skei Grande.

Fredag var leiaren i Venstre på besøk på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Ho meiner det er viktig at vi har gode fagfolk som kan jobbe med å utvikle nye produksjonsmetodar som er basert på økologisk drift.

– Og som i tillegg kan utvikle den meir konvensjonelle landbruken ved å finne nye måtar å drive på, difor er det viktig å ha slike utdanningar og ha skular som også tilbyr den økologiske delen av landbruksutdanning, seier ho.

Sogn Jord- og Hagebruksskule må rustast opp for mellom 50 og 80 millionar kroner, og går ei usikker framtid i møte.

Viktig nasjonal posisjon

Skulen har også vore god til å finne andre bein å stå på og anna næringsverksemd i tillegg til å ha ein landslinjefunksjon, meiner Skei Grande.

– Det er jo det vi nasjonale politikarar kan ta tak i. Men eg trur det er viktig å sjå denne skulen i forhold til klima og miljøperspektiv. Det viktig å ha gode fagfolk som kan sørge for matproduksjon også ved dei klimaendringane vi står ovanfor, seier ho.

Skei Grande meiner skulen difor er ganske unik i norsk samanheng med i forhold til både fagkompetanse og utdanning.

– Av dei eg møtte var det berre ein elev som kom frå Sogn og Fjordane, men elles kjem dei frå heile landet. Det betyr ikkje at skulen er mindre viktig, det betyr at den har ein nasjonal posisjon som vi ikkje må gløyme, seier ho.

Vil stå på for skulen

– Eg kjem jo til å drøfte dette med dei lokale venstrepolitikarane. Eg veit at Aurland Venstre har eit stort engasjement i forhold til skulen, og så må vi sjå korleis vi skal leggje til rette nasjonalt for at vi har gode landbruksutdanningar som treffer det som er framtidas behov for landbruket, seier Skei Grande.

Med det meiner ho å ha gode fagfolk innanfor konvensjonelt landbruk, men også ha gode agronomar som kan økologisk drift.

– Vil du stå på for skulen i Aurland?

– Ja, eg vil stå på for at vi skal ha ei slik type utdanning i Norge. Når Venstre har fått gjennomslag for såpass sterke krav på at vi skal drive økologisk drift også i Norge, så må vi sørge for at vi har utdanning som gjer at dei kan setje i gong med den økologiske drifta, avsluttar venstreleiaren.